bergensminne

Neste bergensminne 21/5: 

Bergenser frå Palestina 

Laila Salama (mor) og Ibraheem Mansour (son) er aktive bergensarar. Begge er stolte over bakgrunn og kulturelle røter frå Palestina og flyktningetilvære i Syria. Men i dagens situasjon i Palestina, kjenner dei begge både på sinne og sorg. Samtidig kjenner dei glede over å vere positive delar av og deltakarar i det norske samfunnet.

"Bergensminne" er eit samarbeid mellom Memoar og Bergen off. Bibliotek, om formidling av muntlig historie gjennom djupintervju med "vanlige folk". Intervjuarar tirsdag 21. mai blir Arve Johs. Nilsen og Kari Thorkildsen. 

Arrangementet blir i Auditoriet i underetasjen på Bergen off. Bibliotek. Det er gratis - og alle er velkomne!

Gruppa som arbeider med å utvikle "Bergensminne" består av Sebastian Kvamsdal Kaasa,  Ada Freng, Florentino Bulnes , Arve J. Nilsen,  Kari Thorkildsen,  Mariela Drejer Norheim og Bjørn Enes.  

Vi arbeider med planar for tre "Bergensminne" i haust - 12. sepember, 10.oktober og 21. november.  Alle vil handle om levd liv  som "mikrohistorie": Gjennom intervju/samtale med interessante enkeltpersonar eller små grupper vil vi  få fram korleis alle er og har vore med å skape den historia  som har ført fram til dagens lokalsamfunn.  Vi arbeider med tre ulike tema for dei tre komande arrangementa:  Samtalen med Konow-Lund vil handle om oppvekst og vaksenliv i kunstnarmiljø, til neste arbeider vi med migrasjons- og integreringshistorie, og på siste Bergensminne før jul vil vi vendetilbaketil datahistoria. Digitalisering i skulen er dettemaet vi arbeider med der.  

Meir detaljar kjem etter kvart som  gjestene takkar ja til invitasjonane våre!  Kom gjerne med tips til vårprogrammet - fyl ut og send skjemaet, eller skriv til bergen@memoar.no