Memoar har etablert ei prosjektside for kvart prosjekt, (f.eks. memoar.no/aaseral) Etter kvart som prosjektet utviklar seg, etablerer Memoar nye personsider. (f.eks memoar.no/aaseral/berg)
Før opptak blir gjort, er det klokt å ha avklart og signert avtale om arkivering og bruk. Les meir om sjølve opptaket her - og bli gjerne med på kurs! Opptak kan gjerne gjerast med mobiltelefon eller eit enkelt kamera - men prøv å få god lyd, helst med ekstern mikrofon u plasserar så nært som råd til den som fortel | Etter opptak: Kopier opptaket frå minnekort til PC. Viss opptaket er gjort på telefonen, kan du truleg gå vidare til neste punkt. Send opptaket til post@memoar.no. Bruk evt. Dropbox Transfer, Google Disc eller andre filoverføringsverktøy. Så snart opptaket er mottatt, lagar Memoar ei personmappe i prosjektarkivet. Ein redigerar må så laga ein trimma og samanføyd arkiveringsfil - ein mest mogleg autentisk opptaksvideo. (Memoar kan hjelpe med dette) Når arkiveringsfilen er ferdig, kan vi lage ei nettside med slik adresse: www.memoar.no/prosjekt/etternamn f.eks: www.memoar.no/aaseral/berg Der legg vi arkiveringsfilen med eit passord som berre forteljaren kan dele. | Dokumentasjon:. Nå startar det som kanskje er den viktigaste delen av arbeidet: 1. Lag eit stikkordsmessig oversyn med tidskodar om innhaldet. Vurder og marker om noko må fjernast før evt. publisering (av etiske eller andre grunnar). 2. Skriv inn aktuelle emneord i tillegg til stikkorda. 3. Skriv eit kort tekstsamandrag. 4. Send logg, emneord og tekstsamandrag tilbake forteljaren og til post@memoar.no |
Åseral >