Bergen‎ > ‎2016‎ > ‎

Arild Wærness

lagt inn 29. sep. 2019, 05:17 av Bjørn Enes   [ oppdatert 10. feb. 2020, 02:13 av Barbro Matre ]
Kafédrivar,  teikneserieskapar,  forlagssjef, festivalgründer - ein kan velgje mange titlar for å presentere Arild Wærness. 

Han har røtene på Stord, har farta over det meste - og bur i Bergen. 

Hausten 2015 sette han seg ned for å mimre over ein liten del av historia si saman med ungdomskameraten Jostein Saakvitne. Saman laga dei "sam-forteljinga" om norsk barndom på 1970- og -80-talet. Medan kamera gjekk, bestemte dei seg for å starte eit innsamlings- og publiseringsprosjekt for å publisere gamle fanziner frå subkulturen av science-fiction-tilhengjarar på 60- og 70-talet. 


Arild Wærness i samtale med Jostein Saakvitne  om norsk fandom i 1970- og -80åra. Stikkord for samtalen: 
Fanziner - og teknikkane for å mangfaldiggjere tekstar og bilete i stensilmaskinane si tid. 
Cons - Norcon, Swecon, Gøtacon og Worldcon. Kven som var med - kva det vart av dei seinare. Kva dei skreiv om - og kva dei krangla om. Mot slutten av samtalen vert dei to samde om å starte prosjektet Memoar.no Motkultur  


Forteljingar av Arild Wærness:

Arild Wærness og Jostein Saakvitne




Comments