Bergen:‎ > ‎Bjørn Enes‎ > ‎

Bjørn Enes har delt:

Ideen om Memoar

lagt inn 27. nov. 2015, 00:15 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. nov. 2015, 00:15 av Leiar Memoar ]

Bjørn Enes, med Ipaden i neven i ein monolog med seg sjølv om at det ikkje er nok å tenkje på framtida. Me må ta ansvar for fortida og. 








Om Memoar-ideen


Metin Sepetioglu

lagt inn 17. okt. 2015, 00:49 av Bjørn Enes   [ oppdatert 17. okt. 2015, 00:51 av Leiar Memoar ]

Hausten 2014 møtte eg Metin Sepetioglu i Side, Tyrka. Han fortalde om oppveksten sin i Kappadokia, og landskapet der høyrdest så utruleg ut at eg slo til då han tilbaud meg å vere med for å sjå. Han ville høyre om eg trudde nordmenn kunne vere interesserte i å reise dder saman med han. Dette er historia som kun ut av turen med han: 

Meir av historia er å finne på nettsida me seinara laga i hop, du finn henne på adressa www.cappadocia.eu









Forteljinga om Metin Sepet



På vegen attende - gjennom Taurusfjella til kysten - var det ikkje berre tid for gode samtaler, men også for song. Dette er Metin sin versjon av "Eg kan klare meg utan deg" - ei folkevise frå Kappadokia. Den handlar om den utilnærmelege jenta som ikkje synest friaren er god nok - heilt til han seier okey, eg kan finne meg ei anna jente eg....... 

Metin syng




Historia om Gazinzigua Florence

lagt inn 19. sep. 2015, 23:07 av Bjørn Enes   [ oppdatert 19. sep. 2015, 23:14 av Leiar Memoar ]

Hausten 2015  var eg på reportasjereise fro Fædrelandsvennen i Rwanda.
https://vimeo.com/120967824
Det var eit år etter folkemordet. Heile landet var sterkt prega av det som hadde hendt, det var sterke inntrykk. 

Det sterkaste var møtet med Gazinzigua Florence. Ho var seksten år då eg møtte ho. Ho var vansira i andletet og og hadde store probem med å gå. men dei såra ho må ha hatt inni seg var mykje meir alvorlege, sjølv om dei ikkje var moglege å sjå spor av på utsida. Historia hennar var så opprørande at det vart hpvudhistoria på heile reportasjeturen. 

Det er jo gått mange år sidan no, men så viste det seg at ein av dei som kom inn med FN sin høgkommisær for flyktningar etter at alt var over, lækjaren Tor Harald Kristiansen frå Flekkefjord, hadde helde kontakten med folk i Rwanda i alle år etterpå. Rundt seg hadde han bygd opp ei gruppe entusiastar som mellom anna hadde fått skulane i Flekkefjord til å samle inn pengar til ulike tiltak i Rwanda gjennom alle åre. 

Dei hugsa mine forteljingar, og i mars 2015 vart eg invitert til Flekkefjord for å fortelje og reflektere over dette tjue år gamle minnet. Det var då eg laga denne digitale forteljinga:
 

Rwanda 1994


1-3 of 3