Bergen:‎ > ‎Bjørn Enes‎ > ‎Bjørn Enes har delt:‎ > ‎

Historia om Gazinzigua Florence

lagt inn 19. sep. 2015, 23:07 av Bjørn Enes   [ oppdatert 19. sep. 2015, 23:14 av Leiar Memoar ]
Hausten 2015  var eg på reportasjereise fro Fædrelandsvennen i Rwanda.
https://vimeo.com/120967824
Det var eit år etter folkemordet. Heile landet var sterkt prega av det som hadde hendt, det var sterke inntrykk. 

Det sterkaste var møtet med Gazinzigua Florence. Ho var seksten år då eg møtte ho. Ho var vansira i andletet og og hadde store probem med å gå. men dei såra ho må ha hatt inni seg var mykje meir alvorlege, sjølv om dei ikkje var moglege å sjå spor av på utsida. Historia hennar var så opprørande at det vart hpvudhistoria på heile reportasjeturen. 

Det er jo gått mange år sidan no, men så viste det seg at ein av dei som kom inn med FN sin høgkommisær for flyktningar etter at alt var over, lækjaren Tor Harald Kristiansen frå Flekkefjord, hadde helde kontakten med folk i Rwanda i alle år etterpå. Rundt seg hadde han bygd opp ei gruppe entusiastar som mellom anna hadde fått skulane i Flekkefjord til å samle inn pengar til ulike tiltak i Rwanda gjennom alle åre. 

Dei hugsa mine forteljingar, og i mars 2015 vart eg invitert til Flekkefjord for å fortelje og reflektere over dette tjue år gamle minnet. Det var då eg laga denne digitale forteljinga:
 

Rwanda 1994


Comments