Bergen:‎ > ‎

Gunda Kārkliņa

lagt inn 16. aug. 2017, 05:31 av Bjørn Enes   [ oppdatert 15. sep. 2017, 02:52 ]
Memoar: Gunda vaks opp i Tirza, aust i Latvia. Barne- og ungdomsåra hennar var prega av livet i Sovjetunionen. Ho likte seg i barneorganisasjonen Unge Pionerar, dei lærte å marsjera, helsa Partiet og svara på spoørsmål om samfunnsliv og politikk. Men dei levde eit liv heime, og eit anna ute og på på skulen. Dei feira jul og påske i løynd, og når dei vaksne kom saman og drakk brennevin, song dei latviske fridomssongar. 
Ho tok lærarskulen og kom til Riga i 1987. Då var det begynt med demonstrsjonar rundt fridomsstatua. Då song dei ope for alle, sjølv om dei risikerte arrestasjon. Det var m,eir og meir spent, heilt fram til barrikadetida i 1991. Den 7. januar, den mest dramatiske dagen av dei alle, låg ho på sjukehus og fødde dotter si. Etter fridomen var livet vanskeleg - men det var likevel ei stor glede i alle. Det var ikkje før ti år seinare, når alt tok til å gå betre, at folk tok til å klaga. 
Sjølv kom ho til Noreg fyrste gong i 1993, ho fekk eit friår på Birkeland Folkehøgskule i Agder. I mange år var ho i Noreg på sommarjobb. Ho hadde alltid dotteras med - pog kdlå ho vart vaksen og skulle studera, søkte ho seg til Bergen. Der fylgde Gunda med.
 "Noreg har blitt det andre heimlandet mitt", seier ho. "Nokre menneske må leva mellom to land.." 

Opptaket er gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 7. juni 2017. Intervjuar var Bjkørn Enes frå Memoar. Intervjuet er ein del av Hordaland Fylkesbibliotek, Innvandrarrådet og Memoar sitt prosjekt "Rom for møter". 

Gunda Karklina:



Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/228782404#t=33m40s ) 



00:00:00 Kjem frå Tirza i det austlege Latvia

Hadde sykkel då ho vart ungdom

Akte mykje og gjekk på ski om vinteren
02:04:00 Vaks opp i eit tidlegare menighetshus
03:15:00 Det var eit murhus og ganske fint med vakre syrinbuskar
03:45:00 Pappa var busssjåfør og seinare meklanikar. - mor arbeidde på apotek
04:15:00 Farmor og farfar passa oss då me var små
04:48:00 Dei hadde stort hus med fin hage – ho som eigde det hadde reist til USA
06:25:00 Farmor var veldig fin dame. Hadde berre tre års skulegang men snakka tre språk
07:06:00 Farmor flytta frå Polen då ho var 29 år . .
08:32:00 I sovjetisk tid arbeidde dei vaksne i Kolkhos – (Kollektivbruket)
09:10:00 Farmor sang mykje, og fortalte om krigen og då ho arbeidde for ein lege i bygda
10:20:00 Legen vart deportert til Sibir etter krigen og kom aldri attende
. Fafar elska meg høgt. Han las og fortalde eventyr. Alle ville ha han då han var ung
12:30:00 Han var møllar då Latvia var fritt – før krigen. Dei som eigde mølla vart og deporterte
13:30:00 Kanhende pappa hugsar om nokon kom attende frå Sibir
13:59:00 I Sovjetisk tid var dei redde for å fortelja
14:50:00 Når dei drakk brennevin, fortalde dei litt. Då song dei latviske fridomssongar.
16:20:00 Julefeiring var forbode då eg vaks opp. Men me feira hemmeleg jul.
17:50:00 Trur fleire feira jul, men eg har ikkje snakka med nokon om det.
18:05:00 Nyttårsfeiring var vanlig i Sovjetunionen. Me hadde nyttårsferie
18:48:00 Ein gong tok mor oss med i kyrkja i jula. Etterpå vart ho kalla inn til rektor
20:20:00 Alle var med i Unge pionerar – me lærte å marsjera og å helsa Partiet
21:30:00 i vidaregåande skule vart nokre med i den kommunistiske ungdomsorg – men ikkje alle.
22:20:00 Det var egentlig ganske greit å vera med i pionerane.
23:10:00 Men nå ser eg det som opplæring i kommunisme – alle måtte vera med
23:50:00 Ein gong fortalde i jente at dei hadde feira påske – på Lenin sin bursdag
26:00:00 Ei verd var heime – ei anna verd var på skulen.
27:10:00 Eg høyrde lite om krigen. Berre at det var velferd då Latvia var fritt før krigen.
27:40:00 Under krigen var nokre på latvisk fridomsside og andre var på den kommunistiske sida.
28:05:00 Morfar var på den kommunistiske sida – han blei skoten av dei som sto for det frie Latvia
29:00:00 Vanskeleg å seia kvifor morfar valde sovjetisk side.
29:50:00 På grunn av han vart ikkje mamma sin familie deportert etter krigen.
30:45:00 Mormor tok oss alltid med til morfar si grav.
31:42:00 Mi syster hadde ei venninne som kom heim att frå Sibir
32:50:00 Litt rart – eg får tårer i augene av desse spørsmåla
33:40:00 Utdanning: Eg likte pionerleiaren. Ho var lærar. Det ville eg og bli.
34:37:00 Reiste til Liepaja for å studera pedagogikk.
35:19:00 Det var gratis å studera i Sovjetperioden.
35:40:00 Liepaja var ein flott by. Vintrane er milde. Mange fine soldatar der – men lite kontakt
37:30:00 Studerte frå 83 til 87. Dei siste åra greip ideen om uavhengighet om seg. .
37:49:00 Skitrenaren vår var veldig oppteken av Latvias historie og kunst og fridom
39:49:00 Flytta til Riga i 1987 – fridomsrørsla var begynt då.
40:15:00 Min kjæreste var også opptatt av fridomen. Han las ulovleg litteratur.
41:00:00 Me gjekk på møter ved fridomsstatua for å synga latviske songar
42:00:00 Me var ikkje redde – me ville bli fri Mange unge, men mest folk i 50-åra
42:25:00 Song er viktig i Latvia. Me song oss til fridom
44:18:00 Me song alltid - dei gamle songane vert borte nå
46:10:00 Det er berre tretti år sidan barrikadane vart reiste i Riga...
46:45:00 Den viktigaste dagen i barrikadetida -7. januar – vart dotter mi fødd
48:50:00 Nokre vart skotne, ikkje så mange. Og i 1991 vart me heilt frie
49:20:00 Femti år under Sovjetunionen – og så plutselig fridom
49:44:00 Rockeoperaen «Lāčplēsis» vart viktig i fridomsrørsla
50:45:00 Sjølv om butikkane var tome, var folk stolte og glade for å leva
53:20:00 Då det hadde gått ei tid og forholda vart betre, då begynte folk å klaga
54:20:00 Det har blitt meir ulikskap, men folk har ikkje blitt fattigare. Mange har reist ut.
55:50:00 Offentleg tilsette har dårleg løn.
56:24:00 Rundt 1999 var det ei stor krise. Mange reiste til Irland og England.
57:37:00 Eg er egentlig ei anna forteljing. Eg fekk tilbod om å reise til Noreg.
58:50:00 Friplass på Birkeland Folkehøgskule 1992-93
12:00:00 Reiste heim atty etterpå, men sleit økonomisk
60:40:00 Frå 1997 fekk eg sommarjobb som kjøkkenassistent i Birkeland kvart år
62:18:00 Då dotter mi skulle studere, reiste ho til Bergen –
63:40:00 Eg reiste til Bergen av di eg vart aleine i Riga
64:27:00 Eg ville prøva noko som var annleis – derfor er eg her
65:20:00 Mitt mål er å læra barneborna å snakka latvisk
65:53:00 For meg er Noreg blitt det andre heimlandet.
66:38:00 Eg tenkte at eg berre skulle tene litt ekstra penger – men det vart mykje meir.
68:00:00 Nokre menneske må leva mellom to land.

slutt
Comments