Tuberkulosen i Sunnhordland

lagt inn 17. okt. 2015, 00:10 av Bjørn Enes   [ oppdatert 17. okt. 2015, 00:10 av Leiar Memoar ]
Då vesle Gunn Marit var lita, var ho kvar sumar med mor si for å stelle gravene til tantene sine på kyrkjegarden på Halsnøy. Det gjorde inntrykk på henne at de var så unge då dei døydde. Men fyrst i mogen alder tok ho til å undersøke saka. Då var alle dei som kunne fortelje borte - ho sjølv var blitt ein av den eldre generasjonen. 

Di meir ho fann ut om tantene si historie, di meir fann ho og ut om at nesten alle familiar i Sunnhordland hadde historier i slekta som dei sjeldan eller aldri snakka om. Det gjeld truleg i resten av landet og. Tuberkulosen var ein så hard og hjartelaus fiende, at når han fór, var det vel det beste å ikkje snakke om han meir. Då måtte vel gå ein generasjon eller nesten to. I denne samtalen med syskjenbarfnet sitt, fortel ho om kva ho fann.... 






Embed gadget


Comments