Gunda Kārkliņa

Gunda Karklina - Bergen - Memoar
7.juni 2017 Gunda vaks opp i Tirza, aust i Latvia. Barne- og ungdomsåra hennar var prega av livet i Sovjetunionen.

Les meir

Gunda vaks opp i Tirza, aust i Latvia. Barne- og ungdomsåra hennar var prega av livet i Sovjetunionen. Ho likte seg i barneorganisasjonen Unge Pionerar, dei lærte å marsjera, helsa Partiet og svara på spoørsmål om samfunnsliv og politikk. Men dei levde eit liv heime, og eit anna ute og på på skulen. Dei feira jul og påske i løynd, og når dei vaksne kom saman og drakk brennevin, song dei latviske fridomssongar. Ho tok lærarskulen og kom til Riga i 1987. Då var det begynt med demonstrsjonar rundt fridomsstatua. Då song dei ope for alle, sjølv om dei risikerte arrestasjon. Det var m,eir og meir spent, heilt fram til barrikadetida i 1991. Den 7. januar, den mest dramatiske dagen av dei alle, låg ho på sjukehus og fødde dotter si. Etter fridomen var livet vanskeleg - men det var likevel ei stor glede i alle. Det var ikkje før ti år seinare, når alt tok til å gå betre, at folk tok til å klaga.

Sjølv kom ho til Noreg fyrste gong i 1993, ho fekk eit friår på Birkeland Folkehøgskule i Agder. I mange år var ho i Noreg på sommarjobb. Ho hadde alltid dotteras med - pog kdlå ho vart vaksen og skulle studera, søkte ho seg til Bergen. Der fylgde Gunda med.

"Noreg har blitt det andre heimlandet mitt", seier ho. "Nokre menneske må leva mellom to land.."

Opptaket er gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 7. juni 2017. Intervjuar var Bjkørn Enes frå Memoar. Intervjuet er ein del av Hordaland Fylkesbibliotek, Innvandrarrådet og Memoar sitt prosjekt "Rom for møter".

Intervjulogg

SJå under
Stikkord om innhaldet i intervjuet: Utskriftsvenleg stikkordsliste