Bergen:‎ > ‎

Kim Nga Dao Bratland

lagt inn 16. aug. 2017, 05:15 av Bjørn Enes   [ oppdatert 15. sep. 2017, 03:02 ]
Kim Nga Dao Bratland er barne- og ungdomsarbeidar på Møhlenpris skule i Bergen. I dette intervjuet fortel ho om oppveksten under krigane i Vietnam. Etter at Nord-Vietnam vann i 1975, flykta fleire og fleire i familien. To sysken overlevde dramatiske flukthistorier, ein bror kom til Kanada og ei syster kom til Australia. 

Sjølv forsøkte ho og å flykta i 1981, men mislukkast. I staden fekk ho arbeid ved eit dukketeater i Saigon. Ho hadde gått i fransk skule, og snakka både fransk og engelsk. Difor vart ho tolk når teateret eller kulturdepartementet fekk besøk. Slik kom ho i kontakt med nordmannen som i dag er mannen hennar. Dei gifta seg i 1993, og ho fekk flytta til Noreg året etter. 

Ho arbeidde hardt for å læra seg norsk, fekk arbeid i ein barnehage i 1996 og på Møhlenpris skule i -98. Der arbeider ho framleis. Ho fortel om møtet med norsk mat, norsk språk, norsk kultur, religiøsitet og dilemma med å leva mellom kulturar. 

Ho reflekterer om identitet, om sonen som har budd 12 år i Vietnam, sju år i Noreg, 16 år i London - og som nå skal flytta til Australia. Og ho delar tvilen sin om kor ho sjølv skal gravleggjastnår den tid kjem. 

Memoaret er ein del av samarbeidsprosjektet «Rom for møter» der Bergen offentlige Bibliotek og Memoar deltek. Opptaket vart gjort 7. august 2017. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort dokumentasjonsarbeidet i etterkant. 


Kim Nga Dao Bratland:


Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/229578917#t=132m29s ) 


00:00:00Presentasjon: 62 år, frå Vietnam, gift i Noreg, ein son
01:17:00Kjem frå ein stor familie Mor og far flytta til Australia i 1989
02:08:00Eg flytta til Noreg i 1994. Mor syntest det var svært langt bort
03:20:00på grunn av krigen vart me splitta i mange land
04:10:00Mor og far kom frå nord-Vietnam, men flytta til sør i 1931
04:31:00Me gjekk på fransk skole, og snakkar mest fransk
05:12:00Eg vart fødd under ei trapp, bak sandsekker
06:10:00Eg opplevde krig rundt huset, sjølv om me budde midt i Saigon
07:30:00Vietnam har vore dominert av andre i tusen år
08:00:00Men egentlig hadde eg ein trygg middelklassebarndfom.
08:40:00Etter 1975 opplevde vi et system som kontrollerte alt
09:55:00Vi mista huset og bilen – alt vart gitt til dei som ikkje hadde
10:48:00I 1978 vart huset konfiskert. Vi mista alt
11:20:00Vi klagde, og fekk tilbake baksida av huset – men ikkje framsida
12:13:00Til sist måtte mor reisa frå huset og ut av Saigon
12:40:00Svigerinne hadde hus på landsbygda
13:00:00Me klarte å selja huset i Saigon
13:40:00Syster og bror flykta i 1979. Det tok eit år før me fekk høyra om han.
14:20:00Berre 16 av 70 flyktningar io hans gruppe overlevde. .
15:47:00I 1980 flykta syster mi. Ho var gravid. Dei vart funne av russisk båt.
17:07:00Myndighetene i Malaysia slepte båten ut att frå land tre gonger
17:57:00Ho kom til Australia i 1980. Mor kom dit i 1980
18:22:00Eg forsøkte også å flykta. Men eg hadde uflaks.
20:38:00Me fekk feil signal frå båten – om morgonen måtte me gå tilbake
21:38:00Eg gjekk på universitet før 1975. Etterpå søkte eg pedagogikk.
22:20:00Då me mista huset i 78 måtte eg også slutta på universitetet
22:35:00Eg søkte jobb på dukketeater i Saigon. Jobba der i 16 år
23:15:00Eg var tolk for gjester til Kulturdepartementet. Slik møtte eg min mann.
24:33:00I 1993 kom han på besøk i 1993. Då gifta me oss. I -94 kom me hit
25:14:00Eg forsøkte å fortelja min mann kva eg har opplevd etter 1975
25:52:00i Noreg vart eg arbeidslaus for fyrste gong i mitt liv.
26:19:00Fyrst fekk eg støtte til eit dukketeaterprosjekt saman med BIKS -
26:31:00«Kvifor gret sola?»
26:53:00Eg fekk jobb i barnehage i 96, og i 98 på Møhlenpris skule.
27:43:00Eg måtte slutta med dukketeater. Det var vanskeleg å koma inn i miljøet.
28:35:00Men eg trivdes med bvarnehage og skule, og laga dukketeater der
29:00:00 Fyrste dag i Noreg: Det var så kaldt at eg ikkje klarte å snakka.
30:09:00 Eg møtte svigermor og fekk fårikål. Norsk mat var spesiell....
32:13:00 Eg ville læra norsk: Såg på fjernsyn, snakka, hang lapper overalt
33:23:00 Nygård skule - seinare tok eg norsk gramatikk på universitetet
35:05:00 Skriftleg norsk går bra – nå rettar eg mannen min side skrivefeil...
36:27:00 Meir om Nygård skule
37:13:00 Norsk kultur liknar på fransk – bortsett frå maten..
37:28:00 U -Y – Æ – Ø og preposisjonane er problemet på norsk-
39:50:00 Norske ordtak
40:54:00 Vietnamesiskie ordtak er ulike
41:46:00 I norsk kultur prøver folk å forstå andre – til og med born
43:12:00 Men samtidig er der lite respekt i Norge. Ville helst ha noko midt mellom
44:19:00 En elev sa «Flytt deg!» til ein lærar
44:40:00 Sonen min bukka til læraren i staden for å ta han i handa
44:45:00 Han gret, for han fekk ingen lekser. Norsk skule er veldig lett....
46:16:00 Norske barn er flinke med engelsk og musikk
47:40:00 Lite kontakt med andre vietnameserar
48:00:00 Vietnameserar samlar seg ofte i avgrensa område – og har nesten berre kontakt med kvarandre
48:34:00 Det er lettare for dei eldre – men vanskeleg for ungane
49:30:00 Det er viktig å finna ein balanse mellom kulturane
50:21:00 Sonen min snakkar vietnamesisk som ein liten gut
52:25:00 Dilemma – når du har jobb, er det vanskleleg å reisa mykje heim
53:50:00 Neste generasjons identitet kan bli vanskeleg
54:18:00 Kor skal eg bu som pensjonist?
54:50:00 Kor skal eg begravast?
55:55:00 For neste generasjon vert kanskje ikkje så vanskeleg
57:37:00 Eg er buddist. Eg trur alle religionar har same grunnregel.
58:36:00 Min mann er protestant. Men nå vil han bli buddist
58:47:00 Det er ikkje problem å gå i kyrkje eller moske eller tempel
60:24:00 Forskjell mellom «ghetto»-barn og barn av blanda ekteskap
61:37:00 Bakgrunn i fransk skole
63:10:00 Vietnamesisk gruppe fokusert på rikdom og fasade.
63:50:00 Då eg søkte jog fekk jobb, trudde mange at eg fekk jobb pga min mann
64:50:00 Eg tenkte det var viktig å læra norsk og være sjølvstendig
65:40:00 Når ein kjem til ein nytt land, er det enkelt å omgås landsmenn, men då vert det vanskeleg å klara seg
68:19:00 Nordmenn er ikkje så opne som britar eller amerikanarar
69:20:00 I USA eller storbritania er folk vennligare enn i
70:14:00 Mange spør meg kor eg kjem frå. Det er ikkje uhøflig.
71:53:00 Eg er vand til å vera open.- nyssgjerrighet
73:49:00 Folk som reiser mykje er opnare enn folk som ikkje reiser.
74:25:00 Vanlige folk i Vietnam veit ikkje noko om Noreg – men det endrar seg
75:19:00 Det er betre å leva i Vietnam nå. Men ein må ikkje snakka om politikk.
73:35:00 Myndighetane forstår at dei som reiste sender pengar heim
77:38:00 Dei som reiser ut er unge folk frå middelklassen-.
78:16:00 Folk frå landsbygda reiser ikkje ut.
79:09:00 Etter 1975 til ca 2000 var Vietnam lukka. Etter 2000 er det opnare
80:38:00 Etter at grensene vart opna, reiser folk meir – også som turistar
81:45:00 Folk som hadde flykta kom heim, mange andre fekk lyst å reisa.
83:25:00 Mange unge vil reisa or å studera og arbeidea – og så dra heim att
84:40:00 Framtida – økonomien er opnare, men ellers er lite endra.
85:59:00 Noen deler av norsk innvandringsdebatt er viktig.
26:35:00 Det er ikkje rett å reisa attende på feire til eit land du har flykta frå
88:53:00 Eg reiste for eg ville bu ein stad der eg kunne tenkja fritt. Eg har ikkje det nye flagget.
90:45:00 Sonen min er ikkje lenger knytta sterkt til budhismen
91:52:00 Migrasjonsbakgrunn er ein fordel når eg skal læra borna om toleranse
93:18:00 Dette er også ein fordel når me snakkar om religion
95:28:00 Borna er interesserte i å høyra -fd.eks om ulike gravferdskikkar 
96:45:00 Borna sa «Du snakkar ikkje norsk» -
98:39:00 Eg har aldri opplevd vanskar med å vera utlending
99:14:00 Berre ein gong ville ei dame ikkje sitja ved sida av meg.
100:12:00 Min mann føler at nokre trur han har «kjøpt ei kone» i Asia
101:02:00 Eg vart fotfylgd i ein butikk -ekspeditøren trudde visst at eg ville stela
102:02:00 Men ellers har ingen snakka nedlatande til meg.
102:27:00 Somme trur at innvandrarar tar jobben frå folk. Men kven vil ha dei jobbane viss dei ikkje må?
103:45:00 Min son har f.-eks. Skapt sin eigen arbeidsplasas.
106:13:00 Eg har framleis sterk knytting til Vietnam, men vil aldri attende. Eg veit ikkje kor eg vil gavleggjast
108:34:00 Eg trur ikkje eg vil gravleggjast i Vietnam
109:42:00 SLUTT
Comments