Knut Krzywinski

Den 24. januar 2023 var Knut Krzywinski gjest i "Bergensminne" - ein lokahlstorisk arrangementsserie i samarbeid mellom Memoar og Bergen off. bibliotek. Arrangementet var godt besøkt. Kari Thorkildsen og Ada Freng var intervjuarar. I forkant var både forteljar og intervjuarar godt førebudde: Fyrst var Krzywinski blitt intervjua i eit vanleg munnleg historie intervju av Arve Nilsen og Bjørn Enes. Deretter hadde dei fyrste og dei neste intervjuarane fleire diskusjonar om korleis kvelden skulle leggast opp i når publikum var på plass i "Bergensminne". Resultatet? Sjå videoen over!

Studiointervjuet 9. januar.

Intervjuopptaket med Knut Krzywinski blei gjort i studio på Bergen off. bibliotek den 9. januar 2023. Intervjuarar var Arve Johannes Nilsen og Bjørn Enes. Opptaket er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Knut Krzywinski