Jostein Saakvitne

Josetein Saakvitne - Bergen - Memoar
Er ikkje intervjua.

Les meir

Medievitar og forskar. Bur og arbeider i Bergen, men er opprinneleg frå Voss. Var i mange år knytta til Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen, men er no frilansar. Han har tidlegare vore med å utvikle Norgeslexi, NorDiki og tidsvitnebasen Norgesdokumentasjon. Sjå TV2 sitt intervju med Saakvitne om funnet av den tyske propagandafilmen "Kampf um Norwegen"

I oktober 2015 publiserte Jostein Saakvitne samtalen med Arild Værness om fandom-miljøet i Noreg på 1960/70-talet:

Arild Wærness og Jostein Saakvitne om norsk fandom på 1960- og 70tal:

Ein samtale om subkultur på 1970- og -80talet mellom fandomveteranane Jostein Saakvitne og Arild Wærness.

Fandom hadde utspring i sterk interessse for science fiction, og mange av dei som vart engasjerte i dette miljøet laga sine eigne fanziner - "70-åras bloggar". Saakvtne / Værness startar no eit arbeid for å dokumentere fandomkulturen gjennom å samle inn fanziner og anna kjeldemateriale, og å gjere fleire opptak av munnlege forteljingar i samarbeid med organisasjonen Memoar.no. Les meir på fandombloggen.blogspot.no

Tom Larsen om STRILEDANS OG BYDANS på 60/70-tallet

Jostein Saakvitne i samtale med Tom Larsen om hans unge dager i Bergen på 60/70-tallet. Tom gir en livfull beskrivelse om fenomenet striledans og hvordan musikk- og danselivet var i byn i disse tiårene. Jenter med brødskalk i håret og sjenerte gutter med brylcreme og tynne slips. Mye danseglede, og et yrende lokalt musikkliv.

Kaj Skagen om motkultur på 60- og 70talet:

Kaj Skagen er norsk forfattar, Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå 19/10 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Intervjuet handlar i hovudsak om Skagen sine livserfaringar og aktivitetar på 1960-, 70-og 80-talet. Nokre stikkord er Forsøksgymnaset, Norsk Gymnasiastsamband, Gateavisa, Hjelmsgate, tidsskriftet Arken og husokkupasjonane i Berlin på 1980-talet. Mot slutten reflekteren han over desse åra slik han ser dei i dag. Han avrundar slik: "No er alle motkulturelle. Untatt eg".