Synnøve Rasmussen

Synnøve Rasmussen - Bergen - Memoar
23. august 2016 I denne videoen fortel Synnøve Rasmussen om oppvekst og ungdomsår på Møhlenpris i Bergen. Ho var barn då krigen kom, og tyskarane tok Møhlenpris skule til kasernebygg.

les meir

Synnøve Rasmussen vart fødd på Nygård, men hadde heile oppveksten, ungdomsår og store deler av vaksenlivet på Møhlenpris. "Men me budde berre i ei gate," fortel ho mellom anna. Ho var sjeldan utanfor Welhavensgate, og nesten aldri i andre bydeler. Ho fortel om faren som vart arbeidslaus på grunn av jødeforfylgjingane, kom på tvangsarbeid på tyskarane sin ubåtbunker og kom heim med vakre ting laga av russiske fangar som han arbeidde saman med. Ho fortel om skulegangen under krigen, leikane, butikkane, alt det eventyrlege som hende på idrettsbanen - ikkje minst Sonja Henie og Norma Balean - om forskjellar mellom folk, om språket og oppdragarsyn og om fine damer på Møhlenpris.

Intervjuar er Ada Freng. Opptaket er gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 23. august 2016.

Intervjulogg

00:00:18:00 Møhlenpris frå 1938

00:55:00 M. Glotts Tobakkfabrikk

01:36:00 Tvangsarbeid på Ubåtbunkeren

02:04:00 Arbeidde med russiske fangar

02:56:00 Landstad i Hosanger

04:51:00 Skulen i krigsåra

06:24:00 Korrespndanseskule

08:01:00 Kommunehuset

10:43:00 Musikk

12:25:00 Symjing

14:45:00 Heimeundervisning

15:56:00 Jente- og guteklassar

17:46:00 Leik

18:56:00 Butikkane på Møhlenpris

21:13:00 Fine damer

22:50:00 «Nordnesramp»

23:37:00 Tranehytta

24:17:00 Gift i 1956

26:03:00 Førskulen

26:46:00 Husmorlaget

26:55:00 Skulekorpset

26:05:00 Menighetshjemmet – Olaf Ryes vei

30:00:00 Welhavensgate 66

32:01:00 «Presten Dahl»

32:39:00 Vaksne / born

32:56:00 Nazist

35:23:00 Berre ei gate ....

36:28:00 Gatekosting

37:45:00 Akebakkane

39:47:00 Banemeister Nils Martiniussen

40:39:00 Fritidsklubben

43:58:00 Språk

46:02:00 Strengt

46:33:00 Passepike

48:55:00 Bordtennis

50:02:00 Nygårdsparken

50:49:00 Tivoli

51:57:00 Småleken

52:37:00 Banen – is

53:31:00 Banen – arrangement

55:08:00 Banen – defilering

56:54:00 Banen – hestar

58:28:00 Skulen i krigsåra

59:34:00 Banen – Sonja Henie og Norma Balean

1:00:50:00 Heimeverande

1:01:53:26A48 Ungdomsåra

1:03:16:00 Sydnes Sjøbad

1:03:55:00 «Uren»

1:04:56:00 Trikken

1:05:48:00 Etterkrigstida

1:07:06:00 Forskjell på folk

1:10:01:00 Slutt