lagt inn 17. jun. 2020, 02:12 av Bjørn Enes
[
oppdatert 17. jun. 2020, 02:15
]
Tema for sendinga var innsamling og formidling av munnleg kulturarv. Det var Historietorget på Møhlenpris som fortalde om korleis dei arbeider- me fekk og sjå nokre smakebitar av munnleg kulturarv som er lagt inn i kartet "Bydelene forteller". Deltakarane var Geir Elling Eikenes (Amatørkulturrådet), Ada Freng og John Erik Ågotnes (Historietorget) og Anne-Lene Rasmussen (Møllaren Frivilligsentral). Programleiar var Bjørn Enes frå Memoar. Køyreplan - sending 4/6:
Kl. 17:00 - Start: - Bjørn Enes ynskjer velkomen.
- Geir Elling Eikenes, leiar av Amatørkulturrådet.
- Ada Freng frå Historietorget.
- Samtale om munnleg lokalhistorie på Møhlenpris og Sydnes. (Djerv og idrettshistorie, Intervjuserie i bibliotekstudio, "Husene forteller", minoritethistorie, "Gubbelaget")
- Video: Knut Scheldrip Bjercke
- John Erik Ågotnes, Historietorget/Memoar:
- Samtale om opptak på Nøstet 29/5 (særleg hans "augevitneforteljing" om kor mykje arbeid det var). Samtale om verdien av slike innsamlingar av bilde og forteljingar.
- Fotoserien (under redigering - blir publisert att om kort tid).
- Video: Mortefiskaren.
- Anne Lene Rasmussen: Møllaren Frivilligsentral
- Avslutting - Samtale med Geir Eikenes informasjon
Ca kl. 18:00 - slutt.
|
|