Alle har ei forteljing å dele - og alle kan lage eigne opptak. Det er like enkelt som å slå av ein prat på eit busstopp: Ta opp mobiltelefonen. Start kamera. Start videoopptak - film deg sjølv eller den som fortel. Last opp til ei av innsamlingane i Minner.no. MEN: Memoar ynskjer at fleire skal gjere det litt meir "profesjonelt": - Sikre litt betre lyd og bilde. - Intervju er oftast betre enn monolog til kamera. - Dokumentere det slik at andre kan finne litt lettare fram i det. - Avlevere til vårt kollektive minne gjennom Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og/eller lokalt arkiv/bibliotek/museum. Betre bilde: Eit enkelt mobiltelefonstativ kostar omlag 300,-. Mobiltelefonane får stadig betre lyd. Men det kan framleis vere kokt å bruke ein mikrofon i tillegg. Han treng ikkje kosta meir enn 500 kr. Snakk til eit menneske: Inga maskin kan erstatte samtalen mellom levande menneske. Poenget med å lage opptak er at berre slik kan samtalen bevarast for framtida - og delast med nåtida. Du treng ingen profesjonell intervjuar - fortel til eit menneske som er villig til å lytte! Etterpå: Gjer opptaket bevaringsverdig gjennom god dokumentasjon. Skriv eit tekstsamandrag - helst ein "minutt-for-minutt-logg" Opne skjema for ein slik logg her (viss du er innlogg i Google) - eller her (viss du ikkje har Googlekonto). Avlevering Ut over dette har me to råd: Fylgj med her om Memoar sine kurstilbod (Memoar samarbeider med historielag, musé og andre om kurs kor som helst i landet. Ta gjerne kontakt: post@memoar.no) Memoar kan formidla både dugnadshjelp og profesjonell hjelp. Les meir her. |
Ny forteljar? >