Hallingdal‎ > ‎2018‎ > ‎

Isungset

lagt inn 28. sep. 2019, 00:07 av Bjørn Enes   [ oppdatert 14. okt. 2019, 03:20 ]
Ola V. Isungset vart intervjua av Bjørn Enes  på Ål Bygdearkiv torsdag 11. oktober 2018.  Intervjuet var ein samtale om Odd Isungset sine minne frå eit langt liv: Han kom frå garden Isungset på Geilo, der han tidleg måtte ta del i arbeidet på garden. Fram til han var tenåring arbeidde han på setra kvar einaste sommar. Men då han var ferdig med skulegangen, valde han arbeid i industrien. Gjennom heile arbeidslivet  var han på same verksemd - Brødrene Øyo på Geilo.  I starten var hovudprodukta ljåar og knivar. Seinare starta dei produksjon av bestikk og økser.  
Han arbeidde som sjåfør og lagerarbeidar, og fekk tidleg interesse for bil. I 1962 var han kome så langt at han og kona drog til byen for å kjøpa ein Herald Triumph. Selgjaren meinte dei måtte prøva ein Saab og. Kona sat i baksetet på begge prøveturane - og ho var ikkje i tvil: Baksetet i Saabenvr best. Og dermed vart det Saab - frå 1962 til den femte saaben som han hadde då opptaket vart gjort hausten 2018. 
Han fortel elles om opprettinga og utviklinga av hjelpekorpset på Geilo og Motorførernes avholdsforbund. 

I januar 2019 bestemte Ola Isungset seg for å dela intervjuet med Hallingdal Museum og med alle interesserte gjennom nettsida Hallingdal.Memoar.no og Norsk Folkemuseum sin base Minner.no. 

Intervjuet skal no dokumenterast,  slik at det skal bli lettare å finna fram til det ein er interessert i å høyra om.  Det trengst dugnadshjelp for å fortgang i dokumentasjonsarbeidet. Sjå detaljar om kva hjelp som trengst under videoen. 


Ola Isungset


Invitasjon til dugnad:

Dette opptaket skal no dokumenterast - det vil seia at det skal lagast eit oversyn over innhaldet. 
Memoar brukar å gjera det ved å laga ei stikkordsliste 
eller ein serie kortsetningar som gir eit oversyn over kva samtalen handlar om, omlag minutt for minutt. 

Ta kontakt med Nesbyen Historielag eller bjorn.enes@memoar.no viss du kan tenkja deg å hjelpa til med dette, 
Då får du passordet til videoen. 
Du kan bruka papir og blyant, skriv stikkorda - og send dei til Bjørn.
Det aller beste er om du også skriv kor mange minutt og sekund frå start som kvart tema blir omtalt. 

Sjå f.eks. her for å sjå korleis me brukar å gjere det.  





Comments