Memoar oppsto som idé hausten 2014, i ein samtale mellom Jostein Saakvitne og Bjørn Enes. Begge hadde arbeidd med samling og bevaring av munnleg kjeldemateriale og minner om krigsåra 1939-45 - og begge hadde opplevd frustrerande lite interesse frå slike fagmiljø som vi hadde venta samarbeid med. Ikkje minst gjaldt det arkivinstitusjonar. Ut over vinteren vart idéen - eller snarare idéane - endevendt gjennom mange samtalar i loftsleiligheta til Jostein. Vi vurderte å ta opp att prosjekt som hadde endt i frustrasjon, eller å starte eit firma, eller å forsøke å få ein eksisternde institusjon til å interessere seg for eit samarbeid om munnleg historie. Til sist bestemte vi oss for å starte som ein frivillig organisasjon - ein del av den frivillige histroierørsla - og så bygge derifrå. Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie - blei stifta 3. juli 2015. De fem stiftarane var Astrid Helene Olsen, Gunn Marit Sæbø Meyer, Lars Ole Hafsmo, Jostein Saakvitne og Bjørn Enes. Dei vart også det fyrste styret. |
Memoar.no >