Industri‎ > ‎

Olav Erik Sørensen

lagt inn 6. feb. 2016, 04:11 av Bjørn Enes   [ oppdatert 2. mar. 2017, 01:37 av Leiar Memoar ]
Olav Erik Sørensen fekk dimme før tida av di han hadde fått jobb på Falconbridge i juni 1972. Der blei han verande arbeidslivet ut. Han vart skiftarbeidar - alltid på B-skiftet - på våtsida, og var frå fyrste dag involvert i utviklinga av det som skulle bli den nye klorluteprosessen. Då KLanlegget sto ferdig like før jul i 1974, var var han mellom dei fyrste skiftfolka som tok til å arbeide der. KL-prosessen starta som eit lite sidespor til hovudprosessen. Gjennom eit samanhgengande, intenst utviklingsarbeid dei neste 12 - 15 åra, tok den nye prosessen over meir og meir av sirkulasjonen, og i siste halparten av 1980-åra var den gamle Hybinetteprosessen historie.

I dette opptaket, som vart gjort heime hos han den 4/12 2015, fortel han både om den industrielle revolusjonen han var med på i produksjonen - og "etterpelet" som han opplevde i dei administrative avdelingane då han gjekk over til å arbeide på hovudlageret frå 1996.

Kort fortald, handlar Sørensen si forteljing om korleis dei gamle skilelinene - mellom tørrside og våtside, drift og vedlikehald, administrasjon og produksjon - forsvann, korleis operatørrolla endra seg og "blanda seg inn" i nær sagt alle tilgrensande arbeidsområder: Vedlikehaldsfolka sine, formenne sine, ingeniørane sine - og ikkje minst administrasjonen sine.

Han konkluderer med at det bestemt har vore ein revolusjon. I 1974 produserte Nikkelverket omlag 25.000 tonn nikkel til standard kvalitet med 1.600 mann. I dag produserer 550 mann omlag 100.000 tonn høgkvalitets nikkel. Den viktigaste forklaringa er at dei gamle skilelinene - hierarkiet - vart borte og at alle vart involverte i utviklingsarbeidet.

Direkte adresse til denne sida er http://Olav.Erik.sørensen.memoar.no/ 

Intervjuar er Bjørn Enes


Olav Erik Sørensen:



Stikkord i forteljinga:  (Sjå peikarar til stikkorda her)

01:17:00 1972: Sommarjobb etter marinen

Fyrste nattskift
02:30:00 Klarefilteret

Jernfilteret

Tørkebeltet

Vaggekøyringa

Pressetømmar

Cementasjonen

Filterfortykkarane

Karbonatfellinga

Forsøksanlegget

Kloranlegget
03:10:00 Koboltraffineriet «Du har femti øre meir...
04:10:00 Starten på KLanlegget
05:00:00 Cementasjonen
06:20:00 Skilet tørrside / våtside
07:24:00 Kopparfilter
08:14:00 Kvar mann sin post
09:35:00 Hovudsirkulasjonen
10:10:00 Kaffien på B-skiftet
11:40:00 "Målingar" i Hybinetteprosessen
12:40:00 "Reguleringar" i Hybinetteprosessen
13:13:00 "Alarmar" i Hybinetteprosessen
15:20:00 Klor (Cl2)
16:14:00 «Rommet var grønt»
18:40:00 Fyrste møtet med klor
20:44:00 Tobakk og klor...
22:08:00 Ingen visste kva Klorluting var
23:16:00Tre mann på Klanlegget
24:10:00Ingeniørrunden
25:23:00Gamal og ny prosess
27:04:00 Ny kultur
27:50:00 Alle avhengige av alle
29:43:00 Skjegg og gassmaske
20:44:00 Skilet drift / vedlikehald
32:10:00 Driftsjournalen
33:00:00 Før: Streng arbeidsdeling
35:25:00 Dei fyrste KL-folka
37:10:00 Andre arbeidsomårde
38:44:00 Handball og arbeidslyst
39:26:00 Ingeniørane sitt arbeidsområde
41:25:00 Ny operatørrolle
43:07:00 Jobbrotasjon
44:12:00 Fagopplæring
45:08:00 "Gamle kunster"
46:22:00 Støvlar og gamalt hierarki
48:32:00 Bemanningsforhandlingar
50:00:00 Ombygging under full drift
51:25:00 Ombygging fullført ca 1986
52:20:00 Elektrolysekjellarane – og «kjellerrottane»
54:08:00 Anodespylarane
55:06:00 1975: Ingen snakka om reduksjon
56:00:00 Før: Alle fekk jobb
56:58:00 Formennene var urolege
57:50:00 Innkøyringsproblem
1 time
00:20:00 Sodasiloane
01:30:00 Datamaskinen – Nor10



03:09:00 Blink i lyset
04:39:00 Nord-100
05:30:00 "Krig" og nødstopp
07:23:00 Analog styring til 1980
08:20:00 KL var bygd for datastyring
09:55:00 Stolte mest på handmålingar
11:40:00 «Karbonadefellinga» og automatvask av pHmeter
13:50:00 RUP -prosjektet
14:35:00 Forslag nedanfrå
15:40:00 Ny ingeniørrolle
16:19:00 Mange små endringar
17:11:00 Reparasjonar under drift
17:51:00 Titan
18:32:00 Avviksmeldingar
20:00:00 Sikkerheitsfokus
21:30:00 Gått for langt?
22:42:00 Eksempel: Tresko
24:20:00 Hovudlageret
25:38:00 1996: Sjølvbetening
26:38:00 Driftsfolk på lageret
27:28:00 Nytt datasystem
29:14:00 Sjølvbetening også på leverandørsida
29:55:00 Omorganisering – frå adm. Til drift
31:05:00 gamal og ny tankegang
32:00:00 Frivarer
33:34:00 Malarkostane
35:29:00 Skillet adm. / drift
37:26:00 Hierarkiet
39:10:00 Oppsummering
40:00:00 Ein industriell revolusjon
41:00:00 Norsk og kanadisk arbeidskultur
42:54:00 slutt
Comments