Memoar arbeider for at det skal bli mogleg å avlevera bevaringsverdig munnleg kjeldemateriale til offentleg arkiv i Noreg. Vi meiner at enten Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet, Riksantikvaren eller ein ny offentleg eigd institusjon må ta dette ansvaret slik at framtid og nåtid kan få tilgang til uredigerte lyd- og videopptak der primærkjelder frå vår tid fortel med eigne ord om sine liv - kva dei har sett og opplevd. På vegen fram mot dette målet, samarbeider vi med Norsk Folkemuseum og Nordiska Museet om å utvikle innsamlingsverktøyet Minner.no / Minnen.se. Vårt mål er at dette skal bli et verktøy som alle kan bruke til avlevere munnleg kjeldemateriale. Fram til eit "munnleg riksarkiv" er på plass, driftar Memoar også ein mellombels infrastruktur for innsamling, redigering, arkivering og formidling av munnleg historie. Dette er ei "samansying" av hyllevarer som Open Broadcast Software, Dropbox, WeVideo, Vimeo og Google Sites. Historielag, andre frivillige organisasjonar, musé eller andre innsamlarar som treng å redusera kostnader til teknikk og arkivering, kan bli med å dele på denne mellombels infrastrukturen. Ta gjerne kontakt :-) Trass i at mange såg ut til å støtte tanken om å bygge ut lokale og nasjonale arkiv til å kunne forvalte og fomidle munnlege forteljingar i videoformat, såg det ikkje ut til å vere noko slik utvikling i emning.
Men Memoar trengde ein stad å arkivere munnlege forteljingar alt no. Talet på ferdig dokumenterte opptak steig, og det var til aukande bekymring at dei berre fanst på private harddiskar utanom dei kopiane som låg på Vimeo. Eit lynnedslag i Bergen kunne gjere kål på alt arbeidet som var gjort! Derfor arbeidde me fram ei løysing som kunne vere økonomisk overkommeleg i eim mellomperiode fram til ei offentleg løysing er på plass. I beste fall ville den også synleggjere moglege løysingar både for organisering og kostnadsrammer for ein framtidig nasjonal minnebase. .Me presenterte løysinga i denne presentasjonen: |
Infrastruktur >