Innsamling Permanente studio. Består av kamera, ekstra grafikk-kort, PC eller Mac med programvaren Open Broadcaster Software , ekstern mikrofon og tre lys. Mobile studio: Består i utgangspunktet berre av kamera med stativ. Me har også gjerne med to ekstra lys. Viss vi skal gjera fleire opptak etter kvarandre, har me også gjerne med ein PC og eit ekstra grafikkkort - same som i permanent studio. Fjernintervju: Under koronapandemien i 2020 tok vi til å gjere intervjuopptak i form av videokonferansar.Det gjorde det mogleg å gjenomføre intervju utan mittefare. Det viste seg og å ha andre fordelar - som reduserte reisekostnader, kortare veg frå avtale til opptak - og nokre forteljarar trivdest betre med å sitje ved sin eigen PC en å dra til eit studio. Enklaste løysing: I dag går svært mange rundt med ein utmerka lyd- og videoopptakar i lomma. Opptak med mobiltelefon - fortrinnsvis på stativ - er eit fullgodt alternativ, i ale fall for kortare opptak. Me tilrår gjerne det i prosjekt som involverar born og ungdom. Mellomlagring : Arbeidsarkiv:Memoar har en stor Dropbox-avtale. Munnleg historieprosjekt som treng mellomlagring i skya kan leige plass hos Memoar. Personmappe vert etablert for kvar forteljar. I løpet av etterarbeidsprosessen skal personmappa fyllast med opptaksfilar, samtykkeerklæring, logg, tekstsamandrag, avleverings- og publiseringsklar video og eventuelt samtykke til publisering.
| Dokumentasjon Redigeringsprogram: Memoar har avtale med WeVideo som har eit enkelt, skybasert redigeringsprogram. Munnleg historieprosjekt som ynskjer det, kan leiga ein av våre lisensar for å redigera video. Logging og tekstsamandrag: Memoar brukar normalt Google Sheets til logging og Google Docs til tekstsamandrag. Alternativt kan også Open Office eller Microsoft Office brukast. Når logg og tekstsamandrag er ferdig, vert det lasta opp i arbeidsasrkivet, evt. via epost til Memoar. Avleveringsarkiv: Komplette personmapper blir flytta til avleveringsarkiv. Dette er også ei Dropboxmappe. Memoar arbeider for at det skal bli etablert eit offentleg norsk "evighetsarkiv" for munnleg historie etter mønster av British Library . Me kjem til å behalda vårt avleveringsarkiv fram til ei slik løysing er på plass. Arkivering/avlevering:
| Formidling: Memoar.no: Memoar sin viktigaste formidlingskanal er vår eiga nettside. Den er bygd opp at ei veksande samling underside for kvart prosjekt. Alle intervju som er offentleg delte av forteljaren, vert publiserte der. Det vert også utdrag som er produsert for bruk i formidling. Memoar.blog: Bloggen vår er stadig i utvikling. Etter kvart er planen at den også skal innehalda formidling av munnleg historie. Minner.no: Innsamlingsverktøyet Minner.no er også ein publiseringskanal. Memoar deltar i prosjektarbeid for å utvikla Minner.no slik at den kan bli stadig viktigare i arbeidet med munnleg historie i Noreg. Vimeo.com/Memoar: Videopubliseringstenesta Vimeo er vårt hovudverktøy for publisering av munnleg historie i form av video, ved sida av Minner.no Stubb.no: Vi eksperimenterar med formidling av munnleg historie gjennom geotagging - geografisk plassering av korte forteljingar. Vi ynskjer å utvikle eller knytte oss til ein mobilapplikasjon som som kan formidla forteljingar når ein er på staden dein handlar om. I tillegg samarbeider me gjerne med andre seriøse aktørar for å bidra med munnleg historie til undervisningssektoren, arkiv, bibliotek og musé. |
Intervju >