Vi som lever nå er fyrste generasjon som kan ta vare på og dela
munnlege primærkjelder i massomfang. Det gir svært mange
moglegheiter, både for forskarar og historieformidlarar, regionale
og lokale administrasjonar, næringsliv og frivillige organisajonar
og familiar:
Nøkkelpersonar kan fortelja med eigne ord, gjerne i timevis,
og opptaket kan bevarast for all framtid.
Originalopptaket kan gjerast søkbart
Ut frå originalopptaket kan det lagast korte utdrag til bruk
i mange formidlingsmedia (utstillingar, presentasjonar, som levande
illustrasjonar i artiklar, i digitale applikasjonar/vandringsruter,
i nettmedia og sosiale media etc)
Memoar kan samarbeida om eller leigast inn til forprosjekt munnleg
historie (oral history) for å definera målsetjingar, organisera,
budsjettera og planlegga munnleg historieprosjekt. Me har gode
erfaringar med å «kickstarta» eit slikt forprosjekt med eit
kortkurs.
Kursinnhald:
Detaljane i kursinnhaldet vert tilpassa kvar
kunde/samarbeidspartnar. Kurset vekslar mellom
foredrag/presentasjonar og diskusjon om kunden/samarbeidspartnaren
sitt konkrete behov.
Kva er munnleg historie (oral history)? Historikk,
internasjonalt, litt minneteori, grunnar for munnleg
historieprosjekt, munnlege kjelder supplerer, men erstattar ikkje
andre kjelder.
Innhaldet i eit munnleg historieprosjekt:
Intervjuopptak: Utval av forteljarar. Etikk og jus –
avtalar, opphavsrett og ytringsfridom. Førebuing før
intervjuopptak. Tekniske krav. Tidsbehov.
Dokumentasjon: Prosjektarkiv – lagring, backup og deling
av råstoff. Etikk – Ver varsam-plakaten. Opptaksfil og
publiseringsfil. Logging eller transkripsjon. Emneord. Tidskoding.
Markering av aktuelle utdrag.
Redigering: Prinsippet om minst mogleg redigering. Etikk,
ytringsfridom og opphavsrett i redigeringsfasen. Opptaksfil og
publiseringsfil. Start og slutt. Revisjon av tidskodetagging.
Produksjon av publiseringsfil. Produksjon av kortvideoar. Prinsipp
for filnamn.
Avlevering og publisering: Arkivering i personmappe. Etikk,
ytringsfridom og opphavsrett i samband med publisering. Avlevering
av original- og publiseringsfil til norsk Folkemuseum eller anna
offentleg arkiv. Arkivering av redigert materiale (utdrag).
Formidling: Innbygging av video og tekst i nettsider.
Utvikling av prosjektnettside. Innbygging av video i
presentasjonar, bloggar. Publisering gjennom sosiale media.
Innbygging i digitale applikasjonar. Geotagging. QR-koding.
Budsjettering: Kva kostar eit totalprosjekt? Kva kan ein
gjera sjølv – kva må ein leiga hjelp til? Kor kan ein leiga
hjelp?
Dette kurset kan gjennomførast som eit dagskurs der formålet er
å gi deltakarane godt nok overblikk over kva som skal til for å
planleggja og budsjettera eit munnleg historieprosjekt.
26/11-2018-BE |