Korona‎ > ‎Koronasamtalar:‎ > ‎

Cathrine Hasselberg - om å vere koronafast

lagt inn 8. mai 2020, 00:54 av Bjørn Enes   [ oppdatert 9. mai 2020, 06:26 ]

Memoar - korona: I januar 2020 flytta Cathrine til Vietnam. Ho sa opp leilighet og meldte frå til Folkeregisteret. Ho er frilans journalist og minnesamlar, og hadde fått oppdrag i eit prosjekt der alt gjekk føre seg på nett. Så kvifor ikkje då gjera det frå Vietnam like godt som frå Noreg? 

Like etter at ho hadde fått installert seg i ny leilighet i Da Nang, kom koronaen. Vietnam har vore ute for pandemiar før. Dei stengte skulane alt i januar, og i løpet av dei fyrste vekene i februar stengte heile samfunnet net. Det var nesten ikkje smitte i landet - dei siste tala ho høyrde var 57 smitta og ingen døde. Alt såg ut til å gå greit. 

"Men så kom koronaen til Europa". Då blei det brått alvor. Smitte- og dødstal steig loddrett. Tiltak greip om seg - det eine landet etter det andre stengde grenser og stoppa flyruter. Familie og vener - ikkje minst helsepersonell - ringte og sa at ho måtte koma seg heim så fort som råd. Alt tyda på at det var tryggare i Vietnam enn i Europa. Men så fekk ho ei svært nedslåande melding frå oppdragsgjevaren sin: Valutasvingingane som blei utløyst av koronanen gjorde det umogleg å å stå ved avtalane - dei måtte kansellere oppdraget. 

Så å seie alle utlendingar reiste. Så å seie alle vietnameserar heldt seg heime - og dei få som var å sjå såg stygt på henne. På radio og TV sa dei jo omatt og omatt - der som elles - at det var utlendingar som hadde ført pandemien til landet. Det var ikkje lenger hyggeleg å vere der. Men då var det for seint. Ho fekk billett, med Quatar Air, via Midt-Austen til Noreg. Men då ho kom til flyplassen i HoChiMinh (Saigon) var det kansellert. Det var alle andre og. 

Ho fortel engasjerande om korleis det var - og om det som til sist vart redninga: Polen hadde sett opp eit fly frå Hanoi for åhente heim  sine borgarar. Den norske ambassaden for forhandla plass til Warzawa for dei ti siste nordmennene. Skildringa hennar av den flyturen fortener å gå viralt - det same gjer skildringa av reaksjonane på flyplassen i Warzawa. Der var dei ikkje berre utlendgar - dei var ikkje eingong frå EU! Og dei kom NESTEN frå Kina! 

Intervjuet er gjort som videokonferanse. Intervjuar var Bjørn Enes.    

Kristin Rongevær om å hilse:



Comments