Krigsminne‎ > ‎

Voss

Voss 1940 - 45

Krigen kjem til Voss

Mobilisering
Senteret for mobiliseringa for Sogn og Fjordane og mesteparten av Hordaland låg på Voss. Her vart det første veka etter 9.april samla over 6 000 mann. Sjef var general Steffens. Mesteparten av denne styrken vart raskt sendt austover, dei fleste havna i Valdres og Numedalen. Kva var grunnen til dette, og kvifor oppstod det så mykje forvirring kring mobiliseringa?

Bombinga
23.-25.4. gjekk tyske fly til åtak på Vangen, og mesteparten av husa vart øydelagt av bombene. Samstundes vart og Ulvik sentrum bomba. Kvifor utførte tyskarane desse bombetoktene? Var det rein terrorbombing eller strategisk bombing for å oppnå militære mål?




Tyskarane kjem
Etter den første invasjonsbølgja 9.april mot Bergen brukte tyskarane noko tid på å styrkja stillingane sine før dei gjekk vidare inn i landet. Voss vart naturleg nok sett på som det viktigaste målet i innlandet, og angrepet gjekk føre seg frå tre kantar; langs jarnbanelina frå Bergen, over fjellet frå Ålvik og ned Bordalen, og frå Granvin opp Skjervet.
Nokre stader kom det til harde kampar, medan tyskarane mest uhindra kunne rykkje fram andre stader.


Krigskvardag

Mat og rasjonering

Den vanlege kvardagen vart raskt byta ut med ein grå krigskvardag. Dei mange tyskarane i bygda kom til å prege livet for alle. Voss er ei jordbruksbygd, og matmangelen var ikkje så stor her som andre stader i landet, spesielt i byane. Men det vart innført rasjonering på dei vanlegaste matvarene, og bytehandel vart vanleg. Matauk var det nye ordet. Den samla jordbruksproduksjonen gjekk drastisk ned, kvifor det?


Skule, kyrkje og administrasjon

Nasjonal Samling ønskte å ta grep om alle sider ved samfunnslivet for å oppsede folk til "den nye tida". Dei peika ut skule og kyrkje som sentrale område å feste makta på. Alle norske skuleelevar skulle meldast inn i NS si ungdomsteneste, og lærarane inn i det NS-kontrollerte Lærarsambandet. 

Alle biskopene gjekk av. Mange prestar sa frå seg embetet sitt i protest, eller vart oppsagt av NS-styret, og fleire heldt fram som "privatprestar". Innsette NS-prestar talte for tome kyrkjer, mens dei andre hadde smekkfulle kyrkjer.

På Voss  gjekk heradstyret av og Voss fekk NS-ordførar.



Nazistar i bygda

Nasjonal Samling fekk aldri den same utbreiinga på Vestlandet som t.d. på Austlandet. På Voss var det få aktive nazistar, og oppslutnaden om partiet NS var liten. Derimot var det ein del utanbygds NS-medlemer i bygda, og avisa Hordaland fekk NS-redaktør. Eit fåtal vossingar drog ut som frontkjemparar, og kom attende svært prega av frontlivet. Ved rettsoppgjeret vart nokre NS-medlemene dømt til bøter eller kortare fengselsstraffer.

Propaganda

Okkupasjonsåra var prega av intens propaganda, frå alle kantar. Tyskarane var meistrar i å laga god propaganda i alle tilgjengelege media, og NS-styret hadde og gode folk til å handtera propagandaen sin. Dei norske styresmaktene i London dreiv på si side aktiv propagandaverksemd, både gjennom radio og illegale aviser.
Meir om dette


Lensmann og politi

Det norske politiet skulle nazifiserast. Det innebar at den enkelte politimann skulle melda seg inn i NS, og alle lensmenn og politimeistrar skulle vera trugne mot det nye NS-styret. Nasjonalt var det svært mange politifolk som gjorde dette, noko dei vart kritisert for etter krigen, sjølv om dei rettferdiggjorde seg med at dei elles ville mista stillingane sine. På Voss vart trugsmålet stort sett ignorert, og dei lokale politimennene arbeidde i det skjulte for heimefronten ved å gje åtvaringar om tyske razziar osv.


Gestapohuset i Bergen

Det tyske politiet var det verre med. Gestapo var overalt, og hadde sine informatørar blant folk. Det var ille å havna i Gestapos klør, der ein kunne bli teken med til Gestapohuset i Bergen og utsett for fæl tortur. Frykten for angjevarar var sterk, sjølv om folk her i bygda stort sett visste korleis dei andre sto. Men det var alltid mistenkjeleg når framandfolk kom til bygda og byrja spørje seg for. Fleire vossingar havna i fangeleirar og i Tyskland.

Omgang med tyskarane

I fem år måtte bygdefolket venja seg til å omgå okkupantane. Dei var umoglege å unngå, overalt var dei å treffa; på gata, i butikkane, på badestranda... Stort sett oppførte dei tyske soldatane seg eksemplarisk. Dei var høflege og venlege mot sivile, og vart strengt straffa av sine eigne dersom dei gjorde noko ulovleg. Noko anna var det når tyskarane gjennomførte razziar og aksjonar, då kunne det gå brutalt føre seg.

Heimefronten sende ut parolar om å danna ein såkalla isfront mot NS-folk og tyskararar. Den ga seg mest utslag i at folk flest ville ha minst mogleg å gjera med tyskarane. I desse åra sto det til ei kvar tid mellom 3-5 000 tyske soldatar i bygda. Det var mykje eldre menn som ikkje eigna seg så godt for frontteneste, og elles soldatar på permisjon frå Austfronten, der opphaldet her vart rekna som "ferie" frå det harde frontlivet. Norge var elles saman med Danmark det einaste tyskokkuperte landet i Europa der soldatane ikkje trong bera våpen når dei omgjekk sivile på fritida. Nordmenn vart rekna som "fredlege" og "ufarlege" . I ettertid har gjerne tyske soldatar karakterisert opphaldet i Norge som den beste tida deira under krigen.
Meir om dette

Tysk oppbyggjing  på Voss
I løpet av krigsåra gjennomførte tyskarane store anleggsarbeid i bygda. Hovudbasen på Bømoen vart bygd ut med store brakkeanlegg og ein eigen flyplass, og likeeins vart Tvildemoen og Gjernesmoen bygd ut som tyskarleirar. Russiske krigsfangar vart nytta til å byggja vegar og bunkersanlegg. Framleis vert "russarvegen" nytta som navn på vegen langs Vosso frå Tintrabrua nedover i Gjernesmoen. Tintrabrua var også eit tysk byggverk, kalla Major Kleins Brucke, oppkalla etter den tyske offiseren som leia invasjonsstyrken i 1940 og seinare omkom i ei skredulykke i 1941.

Russiske  krigsfangar

Mange stader i bygda er det framleis restar etter tyske observasjonspostar og bunkersanlegg.
Meir om dette


Motstand
Motstandsarbeidet  tok tidleg til i bygda.
Her kan du lesa meir om dei ulike formene som sivil motstand gav seg uttrykk i, og korleis den militære heimefronten vart bygd opp (Milorg).
Dette var farleg arbeid, då tysk politi heile tida var ute etter informasjon om folk i motstandsarbeidet.
Slepp frå England med fly over Gråsida, agentar som kom i  løynd...




Frigjering 
Frigjeringsdagane vart som andre stader i landet ein stor folkefest. Heimefrontkarane kom ned frå gøymestadene sine og paraderte i gatene, tyskarane drog seg attende til leirane sine og vart etter kvart avvæpna. Det var eit fredeleg maktskifte utan større uro. 17.mai 1945 vart ei stor markering av ny fridom.



Boka "For fridom og fred - Heimefronten i Vossebygdene 1940 - 45"

Einar Rekve og Aslak Helleve si bok med denne titelen vart uitgjeven av Voss Sogelag i 1995. 
Boka er no digitalisert, og kan lesast i heilskap i den norske "Bokskya".


Krigsminne frå Voss:

  • Ingebrigt Hesjedal Ingebrigt Hesjedal (1921) er frå Dale og fortel om motstandsarbeidet i Bergsdalen og Hamlagrøområdet. Han opplevde 9.april i Bergen, og vende attende til bygda. Her vart han tilsett på ...
    Lagt inn 28. sep. 2019, 14:39 av Bjørn Enes
  • Borghild Dale  Borghild Dale vaks opp saman med fire søskjen og vart konfirmert i 1942.Her fortel ho korleis born og unge på Voss opplevde krigsåra, om kva folk hadde å eta ...
    Lagt inn 28. sep. 2019, 14:42 av Bjørn Enes
  • Ivar Ødegård    Ivar Ødegård (f.1913) fekk ansvaret for Forsyningsnemnda på Vossastrand under krigen. Her fortel han korleis det vart sjonglert med rasjoneringskorta slik at ein fekk ordna mat til evakuerte personar ...
    Lagt inn 28. sep. 2019, 14:44 av Bjørn Enes
  • Knut Nedkvitne Knut Nedkvitne (f.1920) vaks opp i ein søskjenflokk på seks born. Faren var lærar på Voss middelskule. Knut utdanna seg som forstmann ved Voss jordbruksskule under krigen og han ...
    Lagt inn 28. sep. 2019, 14:51 av Bjørn Enes
  • Håkon Skiple Håkon Skiple (f.1915) var eldst i ein søskjenflokk på fem. Han var vernepliktig sersjant i 1938 og mellom dei fyrste som møtte opp då mobiliseringsordren kom etter det tyske ...
    Lagt inn 28. sep. 2019, 14:49 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 5 av 5. Vis mer »

Ingebrigt Hesjedal

lagt inn 28. sep. 2019, 14:35 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. sep. 2019, 14:39 ]

Ingebrigt Hesjedal (1921) er frå Dale og fortel om motstandsarbeidet i Bergsdalen og Hamlagrøområdet. Han opplevde 9.april i Bergen, og vende attende til bygda. Her vart han tilsett på Forsyningskontoret, og fortel om rasjonering og matmangel på Dale, som ikkje hadde særleg jordbruksland. Første tida var det nok mat, men etter kvart svolt mange, og fleire døde nok av matmangel.
Fortel om skule og kyrkje, friviljuge organisasjonar som fekk stor oppslutnad. Bruk av illegale radioapparat, og gislar som vart utpeika av Abwehr på Voss.
Kom gradvis med i heimefronten.



Embed gadget




00:00 Synneva Hesjedal les opp informasjon om motstandsrørsla i Bergsdalen
10:29 Ingebrigt Hesjedal fortel om oppvekst
11:20 Levevilkåra på Dale før krigen, mange kommunistar
12:25 Quisling og andre politikarar i mellomkrigstida
13.20 9.april
14:20 Terbovens tale
14:40 Jobbliv, forsyningskontoret
16:00 Rasjonering og folks reaksjonar, matvaresituasjonen
17:47 To store industribedrifter, men lite jordbruksland, fisket vart berginga
18:38 Suppekjøkken vart oppretta, men mange svolt, bytehandel klede mot mat
21:00 Svartebørs, eldre bukka under pga matmangel
21:45 Vanskar med å skaffa råvarer? Erstatningsvarer, innskrenkingar i produksjonen
22:50 Arbeid på tyske anlegg
23:05 Frivillige organisasjonar var sterkt aktive, korleis såg tyskarane på dette?
23:38 Nazistar i bygda, tyske soldatar
23:24 Radioapparat i bruk
26:30 Ungdommen, danseforbod, propagandafilmar
27:15 Skulen, undervisninga gjekk stort sett som vanleg, svenskesuppa, lærarar arrestert
28:25 Kyrkja og prestane
29:10 Gislar vart utpeika av Abwehr på Voss
29:53 Ansvarleg for å oppretta depot for heimefronten
32:15 Frigjeringsdagane, London Radio
35:20 7.juni
35:55 Rettsoppgjeret


Opptak 28.8.98   Intervjuar Jan Eidi


Borghild Dale

lagt inn 28. sep. 2019, 14:35 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. sep. 2019, 14:42 ]

 
Borghild Dale vaks opp saman med fire søskjen og vart konfirmert i 1942.
Her fortel ho korleis born og unge på Voss opplevde krigsåra, om kva folk hadde å eta,
og om alle dei rare matrettane som folk laga med erstatningsprodukt for matvarer som ein ikkje elles fekk tak i.

   "Hausten 1939 byrja rasjoneringa av sukker og kaffe, og det vart problematisk å få tak i mjøl og mjelk. Då krigen kom vart matsituasjonen forverra. Det hende me fekk kjøpt mjelk på gardene, men dette var ulovleg. Brød var det dårleg med, for folk hadde ikkje mjøl til å baka av. Kverna i bygda var forsegla og ulovleg å bruka. Men me braut forseglinga og malte mjøl om natta medan nokon sto utanfor og heldt vakt.

Dei fleste heldt gris, og me gjekk rundt på gardane under poteopptakinga og fekk tak i pote.  Me åt potegraut, potesuppe, potekaker og drakk potekaffe. Me laga kaffi av alt mogleg og laga te av bær og lauv. Smør fantest ikkje. Den vesle margarinklatten me fekk tak i blanda me med graut som me smurte på brødskiva når me hadde brød i huset. Det hende at me fekk tak i ein sardinboks. Då helte me olja frå sardinboksen over brødskiva. Middagsmaten var ofte steikt kålrabi med pote til, og me bruka mykje sild som ein kunne kjøpa fritt. Eg sykla inn til Vangen og sto i sildakø. Me fiska i alle vatn me kunne, plukka mykje bær, og det hende me fekk tatt ryper i snarer. Saccarin vart brukt som erstatning for sukker. Når nokon hadde geburtsdag, fekk me nokre kveitekorn av bestefar. Desse tørka me, malte dei så på ei kaffekvern og fekk omsider nok mjøl til å baka ei kake. Eggpulver vart brukt i staden for for egg, og me laga krem av skumma mjelk. Heimelaga potemjøl vart blanda med mjelk som me koka opp og vispa til krem når den var vorten kald.

Av bryllaupsdressen til far sydde mor ei flott drakt til konfirmasjonen min. Far hadde kjøpt sko til meg som var minst to nummer for store. Eg gret då eg gjekk med dei fordi føtene mine ikkje vart større. Eg såg ljosare på det då eg fekk rasjoneringskort så eg kunne handla nye sko av papir og fiskeskinn. Far dyrka tobakksplantar som han stelte godt med. Ungdomane var med i I.O.G.T. og gjekk på møte i Frelsesarmeen. All dans var forbode, men ulovleg låvedans vart allikevel arrangert."

"Russiske fangar hogg ved i skogen. Dei tyske fangevaktarane såg ein annan veg når me kom for å dela med fangane det me hadde av mat. Så laga russerane ringar til oss av myntar som me ga dei. Og dei laget fugla av tre til oss. Om kvelden 7.mai 1945 kom beskjeden om at det var fred. Då drog me til stasjonen og pynta toget med bjørkelauv"



BORHILD DALE



00:00  Oppvekst
01:10  Mat, rasjonering, mjelk og brød
03:40  Ulovleg bruk av kvern
06:44  Kaffi laga av alt mogleg
07:30  Erstatningsmargarin
08:44  Nok mat?
10:30  Matkøar?
10:50  Villagrisar
11:15  Bærplukking
12:25 Erstatningsmjøl
13:20 Rasjoneringskort
14:10 Erstatningsvarer
16:30 Klede og sko
22:10 Skilnader mellom folk?
22:30 Svartebørshandel, tobakk
24:00 Skulegong og fritid
25:50 Redde for tyskarane?
26:30 Ulovleg låvadans med konsekvensar
28:50 Kino
29:40 Tyskarjenter?
30:20 Freden
30:50 Russarfangane
32:25 Nazistar i bygda?

Intervju på Voss 28.5.98  Intervjuar Aslak T.Helleve

Ivar Ødegård

lagt inn 28. sep. 2019, 14:34 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. sep. 2019, 14:44 ]

   Ivar Ødegård (f.1913) fekk ansvaret for Forsyningsnemnda på Vossastrand under krigen. Her fortel han korleis det vart sjonglert med rasjoneringskorta slik at ein fekk ordna mat til evakuerte personar og til folk som låg i dekning. Då motstandsrørsla på Voss vart rulla opp, var han ettersøkt av tyskarane og måtte sjølv røme i dekning.

    "Eg vart tilsett i Forsyningsnemda i 1940. I byrjinga jobba eg åleine, men etter kvart som fleire matvarer vart rasjonert, blei det tilsett fleire folk. Dei første varene som vart rasjonert var mjøl, sukker, smør og kaffi. Det vart innført tvangsdyrking av pote, men inntil tyskarane byrja å rekvirera matvarer, kunne pote omsetjast fritt. Kvar bonde var pålagt å levera pote til tyskarane. Mange let vera å gjere det. Dei som hadde mjelkekyr måtte levera mjelk på meieriet. Det var nøye utrekna kor mange liter per ku som skulle leverast. Men kontrollen var slapp og folk flest hadde ingen problem med å skaffa seg dei mest naudsynlege matvarene.

Folk evakuerte hit frå Bergen og låg opp til to år på gardane her. Lokalbefolkninga på Voss melde seg frivillig til å ta seg av dei evakuerte. Dei fekk beskjed om å levera flyttemelding til oss, slik at me kunne skaffa dei matforsyningar. Det gjekk føre seg litt handel med rasjoneringskort. Det var tobakk- og brennevinskort som sto høgast i kurs, men folk prøvde og å skaffa seg ekstra kvotar av mjelk, smør og kjøt. Me hadde ein ordfører som var i NS, men han blanda seg aldri opp i arbeidet vårt. Me som sat på kontoret var alle med i Heimefronten, og det var svært få NS-folk på Voss.

Då to karar vart sendt over hit frå England i 1943, vart det fart i motstandsarbeidet. Me tok imot flyslepp med våpen, og dei to karane dreiv med våpenopplæring og hadde sendar med dagleg samband til England. Eg fekk advart dei i tide då eg fikk greie på at dei skulle arresterast av tyskarane. Dei to sabotørane, Dalland og Skåtun, kom seg trygt unna. Etter dette var det stor tysk aktivitet i området.

Ein av dei fyrste dagane i april 1945 vart Skåtun teken av tyskarane, mens Dalland kom seg unna. Neste morgon var det razzia her, og eg skulle arresterast. Eg forsvann opp i fjella. Heile heimefronten på Voss vart rulla opp få veker før freden kom. 45 mann vart arrestert og dei fleste av dei vart sendt til fangeleiren på Espeland der dei sat til krigens slutt."

"Den siste dagen før frigjeringa var eg berre 600 meter frå heimen min. Her fekk eg beskjed om den tyske kapitulasjonen. Klokka sju om morgonen 7. mai 1945 vart flagget heist heime. Eit par dagar seinare byrja eg på nytt i Forsyningsnemnda og gradvis vart det lempa på rasjoneringa."


IVAR ØDEGÅRD:




00:00 Oppvekst
00:38 Ansvar for forsyningsnemnda på Vossastrand, arbeidet der
03:25 Tvangsdyrking, levering til tyskarane
05:25 Episodar med levering til tyskarane
07:00 Mange bergensarar kom til bygda
08:30 Forsyningshjelp til politiske flyktningar
10:00 Svartebørs?
11:00 Reisebevis for biltrafikken
11:22 Nazistisk ordførar
12:20 Nazistar i bygda?
12:40 Kom med i heimafronten
13:40 Oppbygging av heimafronten, kontakt med England og agentar
17:10 Tyske aksjonar

20:55 Flyslepp

22:48 Tysk storaksjon mot heimafronten, razzia, mange fengsla

26:30 Rømde og gøymde meg

27:25 Frigjeringa

29:40 Heldt fram i Forsyningsnemnda, rasjonering etter krigsslutt

30:50 Rettsoppgjeret


Intervju 28.8.98  Intervjuar Aslak T Helleve og Jan Eidi



Knut Nedkvitne

lagt inn 28. sep. 2019, 14:33 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. sep. 2019, 14:51 ]

Knut Nedkvitne (f.1920) vaks opp i ein søskjenflokk på seks born. Faren var lærar på Voss middelskule. Knut utdanna seg som forstmann ved Voss jordbruksskule under krigen og han arbeidde som forstmannsassistent i krigsåra. Samstundes tok han del i motstandsarbeidet. Etter krigen har han m.a. vore rektor på Voss jordbruksskule.

    "Det var ikkje så veldig dårlege tider her i 1930-åra.Voss er ei typisk jordbruksbygd og folk flest greide seg bra med mat. Men det var mykje arbeidsløyse i bygda. Om morgonen 9.april 1940 høyrde eg på radioen at tyske troppar sto i landet vårt. På skulen heldt ein av lærarane eit lite foredrag for oss elevar før me vart sende heim. Me melde oss på mobiliseringskontoret på Voss og vart køyrde til Bømoen der me fekk utlevert uniformar. Våpen fekk me ikkje. Ein tropp vart raska saman og me vart sende nedover til ei bru som alt var sprengt av norske militære styrkar for å seinka tyskerane si framrykkjing. Ved den sprengte brua vart me sette til å grava skyttergraver, og der låg me i 10 dagar frametter. Me hadde ikkje våpen, men me såg optimistisk på situasjonen og kva som ville henda frametter.

Det gjekk mange rykter, og det verka som om det var ei stor påkjenning for offiserane i troppen vår. Dei fleste i troppen kom frå fiskeværa langs kysten. Troppsjefen vår kom frå Trondheim og var sivilingeniør. 24. og 25. april vart Voss bomba. Eg låg heime då bombeangrepet starta. Mange fekk panikk. Me vart sendt ned for å hjelpa folk som evakuerte frå Vangen, og for å hjelpa til med å berga verdiar frå butikkar som sto i brann.

Alt roa seg ned og etter kvart fullførte eg utdanninga mi som forstmann.

I 1943 var eg i Oslo då ein representant for motstandsrørsla spurte om eg ville bringa ein ryggsekk med våpen og ammunisjon til Røa. Eg utførte det eg var vorten beden om før me reiste vidare til Namdalseid. Herifrå gjekk det fluktruter over til Sverige, og i ein dal nord for Namsos hadde me oppretta samband med England og tok imot særmeldingar. Eg var ikkje organisert i Heimefronten, men eg utførte oppdrag for dei når eg vart beden om det. Folk kom nære kvarandre i krigsåra, men det var skralt med mat mange plassar. I dag er folk blitt alt for kravstore."

"I 1945 gjekk eg siste året på gymnaset. Plassen utanfor avhaldskafeen på Voss var full av folk då me fekk kunngjeringa om at det var fred. Alle som hadde gått på gymnaset var med og gjekk i tog. Dei få nazistane som hadde vore på Voss var greie. Dei fekk milde domar i rettsoppgjeret som fulgte etter krigen."


Knut Nedkvitne

(Svak lyd, vert oppgradert)  YouTube


00:00 Elev på Voss gymnas då krigen kom
00:46 Oppvekst
01:00 9.april
02:30 Melde oss til militærtenesta 14.april, Bømoen og Skjervet
07:35 Bombinga av Vangen, redningsarbeid
12:50 Tyskarane kjem, vert dimittert
14:15 Redde for meir bombing og strid
15:15 Folk evakuert
16:40 Møte med den første tyskaraen
18:20 I Oslo som forstmann 1943, oppdrag frå motstandsrørsla, frfakt av sten guns
22:30 Tok imot særmeldingar i Trøndelag, svensketrafikk
29:10 Fredsdagane
30:50 Rettsoppgjeret

Håkon Skiple

lagt inn 28. sep. 2019, 14:32 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. sep. 2019, 14:49 ]


Håkon Skiple (f.1915) var eldst i ein søskjenflokk på fem. Han var vernepliktig sersjant i 1938 og mellom dei fyrste som møtte opp då mobiliseringsordren kom etter det tyske åtaket på Norge 9.april 1940. Etter at landet hadde kapitulert, var han tilsett som politibetjent på Voss samstundes som han tok del i motstandsarbeidet i bygda.

    "Då krigen kom til Norge var eg nestkommanderande i troppen til kaptein Haukeland. Me gjekk på ski over fjellet fram til kampområdet, og kom i trefningar med tyskarane like utafor Kongsberg. Då me kom til Geilo fekk me høyra at Voss var bomba. I Hallingdal fekk me ordre om å dra vestover, men me vart skotne på av tyske troppar og måtte trekkje oss attende. Dei såra vart sende til Holms Hotell på Geilo, og det vart sett opp ein ny bataljon som skulle sendast til Sogn.

Neste morgon fekk me beskjed om at kampane var slutt og me vart dimittert. Eg ville dra nordetter, men då eg kom til Åndalsnes var kampane slutt. Eg drog heim til Voss. Her vart eg tilsett som politivakt på lensmannen sitt kontor. Eg hadde vanleg politiarbeid, og lensmannen tok seg av det sivile.

Me var tre stykke i politiet, og me måtte heile tida passa på at ingen ting av det illegale arbeidet som hende i bygda kom ut. Tyskerane hadde fått ordre om å retta seg etter norske bestemmelsar. Ein gong kasta eg ut, under stor jubel, to tyske kapteinar frå ei kinoforestilling. Dagen etter vart eg innkalla til det tyske politiet som ga meg ei forferdeleg overhaling.

Eg kom med i motstandsrørsla automatisk. Det byrja med at eg frakta våpen og mat til heimestyrkane. Me nytta politibilen til transport. Til dagleg brukte me dei blå politiuniformane, men når me skulle køyra våpen eller flyktningar tok me på oss dei grøne uniformane. Kom me til ein kontrollpost ropa me berre  "heil og sæl" og me gjekk glatt gjennom. Bilen var som regel full av våpen og ammunisjon som skulle leverast til motstandsrørsla. Det hende og at eg måtte gje beskjed til folk som var i faresonen.

Eg vart stoppa i kontroll då eg kom syklande med ei kasse full av sprengstoff bak på sykkelbrettet. Sprengstoffet skulle brukast til å sabotera bergensbanen. Eg klarte å bløffa meg gjennom kontrollen, men etter at eg hadde kome velberga igjennom, kom reaksjonen. I 1943 fekk eg i oppdrag å skaffa teikningar av dei tyske militæranlegga. Teikningane kom fram til England etter at eg hadde utført oppdraget."

"Då tyskarane bygde flyplassen her i distriktet, kom det mykje rask til bygda. Det skaffa oss i politiet mykje ekstraarbeid. Ekstra stas var det blant folk hvis ein NS-mann måtte sitja i arresten. Då gikk folk rundt og ropa: Sjå korleis det går med det nye Norge! "



HÅKON SKIPLE



00:00 Oppvekst
00:43 Mobilisering, sendt til Valdres
01: 40 Møte med tyskarane i Numedal
03:30 Harde kampar på Mjølfjell
08:00 Lokomotiv sendt gjennom Gravahalsen for å stoppa tyskaran
09:40 Dimittert i Ålesund,, gjekk på ski heim att
11:10 Tilsett i politiet
12:40 Politiarbeid
13:40 Kontakt med tyskarane
15:00 Episoden på kinoen
17:45 Med i heimefronten, varsla om tyske aksjonar
19:20 Tips om folk i faresonen, hjelp til kurerar
23:30 Henta sprengstoff, i politikontroll
27:17 Russiske fangar
28:00 Vanskeleg kombinasjon å vera både i politiet og driva illegalt arbeid?
29:15 Tilhøvet til norske nazistar
31:20 Tyske anlegg skapte mykje arbeid
32:30 Rettsoppgjeret og oppgjeret med NS

Intervju på Voss 28.8.1998    Intervjuarar Aslak T.Helleve og Jan Eidi


1-5 of 5