Lag eigne opptak!

Alle har ei forteljing å dele - og alle kan lage eigne opptak

Det er like enkelt som å slå av ein prat på eit busstopp:

Ta opp mobiltelefonen.

Start kamera.

Start videoopptak - film deg sjølv eller den som fortel.

Last opp til ei av innsamlingane i Minner.no.

Men - det er lett å gjere det litt betre. Her er fire tips!

1. Lag betre bilder

Bruk stativ

Enkle mobiltelefonstativ kostar rundt 300 kr. I tillegg treng du ein mobilhaldar som du festar telefonen til stativet med. Nokre stativ har allereie dette.

Tenk på lyset

Plasser forteljaren slik at ho/han ikkje har vindauget bak seg.

Dagslys er oftast det beste, men bruk gjerne ekstra lys dersom det er mørkt.

Det gyldne snitt

Plasser gjerne forteljaren like til sida for midten av bildet, slik at ho/han ser mot midten av bildet.

Snakk til kamera

Plasser deg sjølv så nær kameraet som mogleg, slik at når forteljaren snakkar til deg, skjer det i retning kameraet.

Kamera

Vi får gjerne spørsmål om kva for kamera vi brukar. Sjølv om mobiltelefonar er lett tilgjengelege og enkle å bruke, kan det vere lurt å skaffe eit videokamera. Det gjeld ikkje minst om du skal gjere fleire intervju. Meir om kamera vi brukar kan du finne her.

2. Sørg for betre lyd

Bruk mikrofon

Mobiltelefonane får stadig betre lyd. Men det kan framleis vere kokt å bruke ein mikrofon i tillegg. Han treng ikkje kosta meir enn 500 kr.


Skru av radioen

Radioen i bakgrunnen merkest kanskje ikkje så godt under intervjuet, men kan skape problem når opptaka skal brukast seinare.

Finn ein stille stad

Høyr etter om det er summing frå kjøleskap, vifteanlegg eller andre lydar som forstyrrar.

Ver stille

Lag så lite lyd som mogleg under intervjuet. Vis at du lyttar med kroppsspråk og andlet, ikkje med 'mmm'-ar og 'jaha'-ar

3. Ver ein god lyttar

Ver eit medmenneske

Inga maskin kan erstatte samtalen mellom levande menneske. La forteljaren dele sine historier med deg.

Vis interesse

Vis at du høyrer etter med kroppsspråk og mimikk (men ikkje med lyd).

Still oppfølgingsspørsmål

Spør om det er noko du ikkje forstår. Spør om det er noko du trur andre ikkje forstår. Spør om det er noko du trur sjåarar og lyttarar i framtida ikkje vil forstå.

La forteljaren snakke

Ofte kjem dei beste forteljingane når forteljaren ikkje blir avbroten. Ikkje ver redd for pausar. Kanskje tenker forteljaren seg om.

Ha gjerne eit spørsmål på lur, men vent til du ser om du treng det.

4. Dokumenter opptaket

Legg ved namn

Namnet på forteljar og intervjuar, i tillegg til dato for opptak bør følge med opptaket.

Ha gjerne med fødselsår, bustad, yrke og liknande til forteljaren.

Vidare er det lurt å vise til samanhengen intervjuet er gjort. Er det mormor som blir intervjua? Er det gjort i eit skuleprosjekt? Er det del av årboksarbeid i eit historielag?

Skriv samandrag

Skriv eit samandrag av innhaldet slik at det blir enklare å finne fram i det seinare. Kva snakka de om? Jo meir detaljert, jo betre.

Tenk på samtykke

Kva skal du bruke opptaket til? Det bør forteljaren få vite. Det kan vere aktuelt å få samtykke til at intervjuet blir lagra og brukt. Viss intervjuet skal avleverast til eit arkiv eller liknande, er samtykke ekstra viktig.

Avlever intervjuet

Avlever forteljinga til vårt kollektive minne gjennom Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og/eller lokalt arkiv / bibliotek / museum.

Eit godt alternativ er www.minner.no. I mange tilfelle kan det vere aktuelt for oss å ta i mot forteljingar for arkivering i systema våre. Det gjeld særleg dei som høver inn i samlingane vi allereie har. Ta gjerne kontakt!