Utviklinga av kurset starta hausten 2015, som ein del av memoar sitt industriprosjekt - Industri.Memoar.no. Tanken var at både nybegynnarar og erfarne, profesjonelle minnesamlarar skulle finne nyttige tips og informasjonar på kursa og alt kursmateriellet skulle leggjast ut på ei nettside. Det var starten på denne nettsida Kurs.Memoar.no. Fyrste gjennomkøyring av kurset var planlagt som eit dagskurs i Kristiansand, i samarbeid med Nikkelverkets Arbeiderfroening. Kollisjonar med årsmøteførebuingar etc gjorde at Arbeidarforeininga ikkje såg seg i stand til å ta del i samarbeidet og kurset vart difor ikkje gjennomført. Opplegget for dagskurset var slik: Dagskurs: 09: 00 Opning - Frukost og presentasjonsrunde. 09:30: Bjørn Enes: Om Memoar og erfaringane med oralhistorie. Kva er styrken og kva er problemet med munnlege kjelder? 10:15 - Pause 10:30 - Ingar Kaldal: Kva er ei minnesamling? 11:15 - Pause 11:30 - Opptak 1: Bjørn Enes intervjuar ein av deltakarane i Poeng: Bli ven med kamera. 1) Lyd - 2) Lys - 3) Ha det hyggeleg - få forteljingane fram. 12:15 - Lunsj 13:00 - Ingar Kaldal - Om intervjuet. Kva er viktig å hugse? 13:45 - Diskusjon - 14:15 - Pause - kaffi 14:30 - Etterarbeidet: Etikk - Avtaledokument Redigering? Dokumentasjon - "Metadata" - "Tesaurus" - Resymé - Undertitlar Opplasting til Memoar.no eller Minner.no (når den er operativ) Publisering Ingar Kaldal. Bjørn Enes - og fri samtale. 15:15 Opptak 2: Ein eller to av deltakarane intervjuar ein av dei andre 16:00 (Pause med) diskusjon om opptak 2 16:15 Dokumentasjon av opptak 2: Kva for metadata skal me føre opp? Kva skal presentasjonsteksten vere? 17:00 Opplasting til Vimeo (eller minner,no om den er operativ) Etablering av side i Memoar.no (eller Minner.no om den er operativ) 17:30 Kursevaluering 18:00 Slutt . |