Korleis skal eit offentleg intervjustudio vere?

Me som lever no, er den fyrste generasjonen i historie som kan etterlate oss dei munnlege forteljingane våre når me går. Dei aller fleste av oss går med ein lyd- og videopptakar i lomma – det er berre å gjere det!

I sammar stifta ein liten gjeng i Bergen organisasjonen Memoar for å fremje nett det: Å gjere det. Fyrste tiltak me gjorde var å foreslå for Bergen Offentlege Bibliotek at dei skulle opprette eit studio der kven som helst kan tinge seg tid, ta med einkvan som dei har lyst å intervjue – trykkje på ein knapp, og setje i gang.

No vert det ein realitet. Romet er klart, finansiering er på plass, utstyret er på veg – og no skal elektronikken programmerast. Biblioteket har bede Memoar om å beskrive korleis det ideelle studioet skal fungere. Me sender spørsmålet vidare ut til alle:

Bør det for eksempel vere slik som dette?

  1. Du bestemmer deg for at du vil intrvjue ein person du vil gjere stas på. Det kan gjerne vere mor di, eller ein slektning, eller ein gamal arbeidskamerat, eler mekanikaren på verkstaden du har brukt i femten år – kort sagt: Kven som helst som du synest bør «bevarast». Eller: Du vil sjølv fortelje til eit kamera.

  2. Du ringer til biblioteket og ber om å få låne intervjustudioet. (Dei meir data-vande går inn på biblioteket si nettside og tingar studio der)

  3. Så kjøper du ein «minnepinne» (ein liten datalagringspinne som du får kjøpt i bokhandlar, elektronikkhandlar etd) . Den bør vere på minst 4Gigabyte - Det står tydeleg på pakka.)

  4. Til avtalt tid går du og den som du eventuelt skal intervju til skranken i musikkavdelinga i andre etasje i Bergen Hovudbibliotek. Der får de eit skjema der det fyller ut fylgjande:

    1. Namn og epostadresse til på intervjuar (Viss det er eit intervju).

    2. Namn og eventuell epostadresse til forteljar

    3. Tema for forteljinga / intervjuet (f.eks. «Livshistorie», «Sjømannsliv», «Oppvekst i Laksevåg» eler kva som helst

    4. Kryss av for om:

      1. Forteljinga skal lastast automatisk opp til Bergen Byarkiv -

      2. Forteljinga skal lastast automatisk opp til internett

      3. Forteljinga berre skal lagrast på minnepinnen.

    5. Signer – (både intervjuar og forteljar)

  5. Når skjema er signert, legg bibliotekaren det inn i ein perm og visar veg til sjølve studio. Ho eller han startar opp maskina, skriv inn namna og temaet og kva som skal skje med opptaket og set på plass minnepinnen..

  6. Dermed er alt klart. Bibliotekaren viser stoen der forteljaren skal sitje, stolen der intervjuaren skal sitje, monitoren med kontrollbiletet – og knappen for start og stopp. Så går bibliotekaren – og du eler de er aleine.

  7. Trykk på knappen og begynn. Ei raud lampe lyser for å minne om at no er de i opptak.

  8. Når de treng ein pause, trykker de på knappen ein gong til. Opptakaren stoppar og det raude lyset sløkkjer.

  9. Når de vil i gang att, trykkjer de ein gong på knappen.

  10. Til sist – når de er ferdige, tryker de to gongvber på knappen. Då vil de sjå at maskinen tek til å arbeide: Den lagrar opptaket på minnepinnen, og sender det til Byarkivet viss det er bestemt, og til internett (Biblioteket sin Vimeo-konto) dersom det er bestemt. Maskinen sender ein epost til intervjuar og forteljar med kvittering for at opptaket er send til Byarkivet og / eller til internett med adressa til opptaket på internett. Til sist seier datamaskinen at minnepennen no kan fjernast.

  11. Og dermed er det gjort! De tar med minnepennen heim. Den kan mellom anna brukast dersom de ynskjer å redigere opptaket, legge på andre bilete etc.

Ver god å kommentere!

Di mindre du kan om data, video og internett – di meir interessant er dine kommentarar. Viss detted skal fungere, må det vere så enkelt at til og medfar kan få lyst til å ta med ein gamal arbeidskamerat for å sludre på internett ein times tid.

Vil dette fungere?  Send kommentar til post@memoar.no  eller kommenter på Facebook - Facebook.com/Memoar-org

Comments