Munnleg historie for alle

Munnleg historie for alle



Munnleg historie for alle er eit samarbeid mellom Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie, Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og  lokale samarbeidspartnarar i frivillig sektor og arkiv-bibliotek-museumssektoren over heile landet.  Eit ressurssenter i Bergen skal tilby kurs og samarbeid med partnarar over heile landet om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg kjeldemateriale og munnleg kulturarv. Alle interesserte kan ta kontakt - skriv til post@memoar.no



Framdrift:
23. oktober: "Breiflabb over alt" -
på eit lunsjmøte hos Bergenhus og Årstad Kulturkontor presenterte Memoar for fyrste gong sin idé om munnleg histoire i samband med Bergen sitt byjubileum neste år, då 950 år skal markerast. Ideen går kort fortalt ut på å engasjera flest mogleg histoirelag og kulturforeningar til samarbeid for å samlam dokumentera og formidla byens munnlege kulturarv. Dette kjem me tilbake til om kort tid - det blir truleg hovedsatsinga innanfor Munnleg historie for alle i Bergen. Arbeistittel på idéen; "Breiflabb over alt".


22. oktober: Intervjuopptak på Nordnes:
Ei knapp veke etter dei to gruppeintervjua  i Laksevåg, gjorde vi eit nytt forsøk - denne gongen på Nordnes. Her var heile åtte forteljarar i sving på ein gong. Barbro matre, Johan Knutsen og Bjørn Enes var intervjuarar. To timars samtale starta med minner frå 9. april 1940 - og kom ikkje lengre fram i histoira enn til omlag 1943. Så det er lite tvil om at Nordnes-gjengen snart må inviterast omatt! 

17. Oktober: Intervjuopptak i Laksevåg.
Delprosjekt Bergen starta midt i oktober ein serie opptak av bydelsforteljingar. Fyrst ut var fem gamle skulekameratar frå Vågedalen i Laksevåg. Dels har dei halde saman heile livet - dels har dei funne tilbake til kvarandre etter at dei vart pensjonistar. Fyrste opptak var to gruppeintervju - eit med tre og eit med to på ein gong. Resultatet jem om kort tid under Memoar.no/Bergen. På biletet ser med 





10. oktober: 
Nå kan musé, historielag og andre frivillige eller profesjonelle kulturorganisasjonar melde interesse for  å bli med i "Munnleg historie for alle". Stab og utstyr er på plass og klare til utrykking. 

"Standard pakke" er tre dagars oppstart av kvart lokale delprosjekt, ein dag med kurs og to dagar med praktisk arbeid saman med kursdeltakarane.  Etterpå har me rekna inn inntil tjue timars oppfylgjing med etterarbeid og telefon/epoststøtte til kvar samarbeidspartnar. 

Interesserte musé, historielag og andre får melding om dette i dag - med oppmoding om å ta kontakt snarast råd. 





https://youtu.be/CteXDGu7Gkg?t=629
30. september: Fridalen skole feirar 80-årsjubileum - mellom anna med å intervjua veteranarOpptaka som sjetteklassingane Fartun Nuur og Madhavi Nesse gjorde med Kjell Nesse og Barbro Havre var element i jubileumsfilmen som Rusten Spiker Film laga for Fridalen Skole. Bakgrunnen var  jubileet "Kreativitet gjennom 80 år". Hovudarrangementet 30. september fylte Forum Kino på Danmarksplass i Bergen. Me gratulerar - og takkar for samarbeidet så langt! 

23. september 2019: Arbeidsmøte i prosjektstaben:
No er kjerna av dei som skal arbeida med "Munnleg historie for alle" i full sving. Prosjektleiar Line Grønstad (til h) må gjera ferdig doktorgraden sin før ho kan bli med på full tid, men fram til då held ho kontrollen med hjelp av "vikarane" Bjørn Enes og Inger Christine Årstad (1 og 2 frå v.).  Barbro Matre er på full tid i prosjektet frå 18. september. Planleggings-møtet var på Raufoss, der ei større innsamling av munnleg industrihistorisk  kjeldemateriale var ein av dei store sakene på sakslista. I løpet av dei næraste åra skal heile 33 nye delprosjekt startast opp. Det tek til å haste for historielag, mnusé eller andre som vil vera blant dei!Sjår meir under "Arbeidslaget"

21. september 2019: Minnesamlarkurs på Norsk Utvandrermuseum, og intervjuopptak om kvalfangst i Innlandet (!)
Norsk kvalfangst er mellom dei delane av historia der det hastar med å samla munnleg kjeldemateriale.  Ikkje alle veit at ein stor del av dei som vart rekrutterte til kvalfangst i sør-isen fram til den næringsvegen vart avvikla på 1960-talet, kom frå Hedmark og Oppland. Dette vil no Innlandsavdelingen av "Øyas venner"  (øya er i dette tilfellet Sør-Georgia) gjera noko med, saman med Utvandrarmuseet og Memoar/Munnleg historie for alle.  Fredag 20. september startar arbeidet med intervjuopptak, laurdag 21/9 blir det kurs i minnesamling med video og søndag 22/9 held me fram med intervjuopptak. Alt skjer på Norsk Utvandrarmuseum  i Otterstad (ved Hamar). Sjå meir på Innlandet.memoar.no


6. september 2019:  
Elevar og lærarar ved Fridalen Skole i Bergen starta innsamling av munnleg kjeldemateriale  i samband med at skulen skal feira 80-års jubileum. To elevar frå sjuande tinn, Fartun og Madhavi  var blant intervjuarane den fyrste dagen. Då bildet blei tatt, arbeidde med å intervjua Kjell Nesse, som var lærar på Fridalen frå 1956 til 1969. 
 Skuleprosjektet er starten på eit nytt bydelsprosjekt i Bergen der Memoar samarbeider med den nye biblioteksfilialen som er under førebuing på Landås. Les meir om delprosjektet på nettsida Fridalen.memoar.no 







1. september 2019: 
Prosjektet  er i gang for alvor!  Fyrste delprosjekt starta opp i Sunnhordland i dagane 29-31. august 2019. Samarbeidspartnarar var Memoar, Sunnhordland Museum og historielaga på Stord, Bømlo og Sveio. I løpet av tre intense dagar vart det gjort seks livshistorieintervju, eit opptak av formidling - pluss at det halde introduksjonskurs om munnleg historie for museumstilsette og frivillige. Meir detaljar - og oppdatert informasjon på delprosjektsida Sunnhordland.memoar.no .  (På biletet over ser me Johanne Øvsteø Tvedten  intervjua  Kjellbjørg Lunde om oppvekst og levd politikarliv i Sunnhordland)








"Fyr på eisa - klar til å smi!"  
27. august 2019:
Prosjektet starta offisielt med ein idéstorm i Nesbyen i Hallingdal tirsdag 27. august 2019. Etter at styringskomiteen hadde hatt sitt fyrste møte, benka leiaren av Nes Historielag, Leif Olav Klype (biletet) og eit tital andre frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar seg i Høvahuset på Hallingdal Museum.  
Ideane som fløymde skal no omformast til ein plan for vidare utvikling av eit delprosjekt i Hallingdal. Deter alt klart at det vil omfatta eit introduksjonskurs til munnleg historie, og nye samarbeid om intervjuopptak. Både planen sjølv og detaljar i korleis han blir sett ut i livet vi du finna på delprosjektsida Hallingdal.memoar.no





"Stille start" 
1. august 2019:
Prosjektarbeidet starta med tilsetjing av prosjektleiar Line Førre Grønstad (biletet). Ho er kulturvitar, i innspurtsfasen av eit doktorgradsarbeid. Fram til det er ferdig, vil prosjektleiarfunksjonen bli delt mellom henne og  avløysar Bjørn Enes.  Bjørn er frilansjournalist og leiar av Memoar. I tillegg til desse to vil det bli engasjert ein prosjektarbeidar til ca. 10 september.  Dei fyrste vekene vart nytta til planlegging og budsjettering, rekruttering og tilsetjingsintervju, utvikling av nettsider og læremateriell - og kontakt med framtidige samarbeidspartnarar over heile landet. 

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar for å diskutera samarbeid om kurs, oppstart av intervjuinnsamlingar, deling av infrastruktur, avlevering til Folkeminnesamlinga etc etc.  Hausten 2019 kjem Bjørn til å ha best tid til å svara - bjorn@memoar.no. Line kan kontaktast  line@memoar.no
  
Gjennombrotet: 
20. juni 2019:
P
artnarskapet Memoar - Folkeminnesamlinga - Norsk etnologisk gransking fekk tidenes gladmelding frå Sparebankstiftelsen DnB: Seks millioner kroner til eit ressurssenter som skal kunne arbeida i tre heile år for å tilby kurs, opplæring og utviklingshjelp til historielag og andre frivillige organisasjonar, lokale musé og arkiv, skular og andre som vil starta opp arbeid med munnleg historie. Dette betydde eit gjennombrot i arbeidet for ei ny bylgje innan innsamling, dokumentasjon, arkivering og - ikkje minst - formidling av denne viktige (viktigaste?) delen av vår immaterielle kulturarv.

På biletet ser du (frå høgre) Line Esborg, fagansvarleg for Norsk Folkeminnesamling, Bjørn Enes, leiar av Memoar og Audun Kjus, leiar av Norsk etnologisk gransking. Biletet er frå kaien i Hammerfest, under ein "pilotturnéen" Krafttak for munnleg historie som partnarskapet gjennomførte i 2018.

Les meir om prosjektet og framtidsplanane under "Om prosjektet"


Eksempel på eit delprosjekt: 

Deltprosjekt Hallingdal:


Ċ
Bjørn Enes,
7. jul. 2019, 23:16
Comments