1/8-2019: Stille start

lagt inn 8. des. 2019, 01:58 av Bjørn Enes

 Prosjektarbeidet starta med tilsetjing av prosjektleiar Line Førre Grønstad (biletet). Ho er kulturvitar, i innspurtsfasen av eit doktorgradsarbeid. Fram til det er ferdig, vil prosjektleiarfunksjonen bli delt mellom henne og  avløysar Bjørn Enes.  Bjørn er frilansjournalist og leiar av Memoar. I tillegg til desse to vil det bli engasjert ein prosjektarbeidar til ca. 10 september.  Dei fyrste vekene vart nytta til planlegging og budsjettering, rekruttering og tilsetjingsintervju, utvikling av nettsider og læremateriell - og kontakt med framtidige samarbeidspartnarar over heile landet. 

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar for å diskutera samarbeid om kurs, oppstart av intervjuinnsamlingar, deling av infrastruktur, avlevering til Folkeminnesamlinga etc etc.  Hausten 2019 kjem Bjørn til å ha best tid til å svara - bjorn@memoar.no. Line kan kontaktast  line@memoar.no
Comments