Munnleg historie for alle‎ > ‎2019‎ > ‎

12-13/11-2019 Elverum: Dokumentasjonsarbeid på samleband

lagt inn 8. des. 2019, 03:11 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. mar. 2020, 09:05 ]



Samarbeid mellom Glomdalsmuseet og Memoar tok til hausten 2018. Då blei det gjennomført eit kurs og ein serie intervjuopptak med primærkjelder frå romani/taterfolket i Noreg. Det har ikkje vore kapasitet til å gjennomføre etterarbeidet etter desse opptaka før nå. 12-13 november blei det gjennomført eit dokumentajsonskurs på Elverum, eit såkalla loggarkurs, og i forlenginga av det vart det både gjort dokumentasjonsarbeid og produsert korte utdrag til bruk i utstilling. Det er nettutstillinga Latjo Drom (www.latjodrom.no) som skal oppgraderast - mellom anna med meir munnleg historie. 
Comments