Munnleg historie for alle‎ > ‎2019‎ > ‎

12-13/12 2019: Munnleg historie og spesialsamlingar i bibliotek

lagt inn 3. feb. 2020, 06:49 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. mar. 2020, 09:05 ]
Universitetsbiblioteket i Bergen og Bergen Off. Bibliotek (BOB) var vertskap for ein landskonferanse for spesialsamlingar den 12 og 13. desember 2019. Blant svært mange veldig interessante foredrag, fekk Memoar invitera til workshop om erfaringane med intervjustudio i BOB.  Barbro Matre og Bjørn Enes fortalde om erfaringane og demonstrerte teknikken: Heile ideen med studioet er at det skal vera så enkelt å bruka at kven som helst kan samla munnlege minner på video - enten dei gjer det for eigen families del, eller for historielag, musé eller forskingsprosjekt. 

Arrangementet gjekk i "prime-time" rett etter lunsj på dag 2, og samla gledeleg mange interesserte tilhøyrarar. På biletet er det Bjørn Enes og Bjørn Andre Widwey frå Skeivt Arkiv som demonstrerer den tekniske løysinga. 


Comments