Munnleg historie for alle‎ > ‎2019‎ > ‎

19/6-2019: Gjennombrotet

lagt inn 8. des. 2019, 01:55 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. mar. 2020, 09:06 ]

P
artnarskapet Memoar - Folkeminnesamlinga - Norsk etnologisk gransking fekk tidenes gladmelding frå Sparebankstiftelsen DnB: Seks millioner kroner til eit ressurssenter som skal kunne arbeida i tre heile år for å tilby kurs, opplæring og utviklingshjelp til historielag og andre frivillige organisasjonar, lokale musé og arkiv, skular og andre som vil starta opp arbeid med munnleg historie. Dette betydde eit gjennombrot i arbeidet for ei ny bylgje innan innsamling, dokumentasjon, arkivering og - ikkje minst - formidling av denne viktige (viktigaste?) delen av vår immaterielle kulturarv.

På biletet ser du (frå høgre) Line Esborg, fagansvarleg for Norsk Folkeminnesamling, Bjørn Enes, leiar av Memoar og Audun Kjus, leiar av Norsk etnologisk gransking. Biletet er frå kaien i Hammerfest, under ein "pilotturnéen" Krafttak for munnleg historie som partnarskapet gjennomførte i 2018.

Les meir om prosjektet og framtidsplanane under "Om prosjektet"

Comments