Munnleg historie for alle‎ > ‎2019‎ > ‎

21/9-2019: Kvalfangsthistorie - i Hedmark

lagt inn 8. des. 2019, 02:06 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. mar. 2020, 09:07 ]
Norsk kvalfangst er mellom dei delane av historia der det hastar med å samla munnleg kjeldemateriale.  Ikkje alle veit at ein stor del av dei som vart rekrutterte til kvalfangst i sør-isen fram til den næringsvegen vart avvikla på 1960-talet, kom frå Hedmark og Oppland. Dette vil no Innlandsavdelingen av "Øyas venner"  (øya er i dette tilfellet Sør-Georgia) gjera noko med, saman med Utvandrarmuseet og Memoar/Munnleg historie for alle.  Fredag 20. september starta arbeidet med intervjuopptak, laurdag 21/9 var det kurs i minnesamling med video og søndag 22/9 heldt me fram med intervjuopptak. Alt gjekk føre seg på Norsk Utvandrarmuseum  i Otterstad (ved Hamar). Sjå meir på Innlandet.memoar.no



Comments