Munnleg historie for alle‎ > ‎2019‎ > ‎

27/8-2019: "Fyr på eisa - klar til å smi!"

lagt inn 8. des. 2019, 01:59 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. mar. 2020, 09:36 ]

Prosjektet starta offisielt med ein idéstorm i Nesbyen i Hallingdal tirsdag 27. august 2019. Etter at styringskomiteen hadde hatt sitt fyrste møte, benka leiaren av Nes Historielag, Leif Olav Klype (biletet) og eit tital andre frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar seg i Høvahuset på Hallingdal Museum.  
Ideane som fløymde skal no omformast til ein plan for vidare utvikling av eit delprosjekt i Hallingdal. Deter alt klart at det vil omfatta eit introduksjonskurs til munnleg historie, og nye samarbeid om intervjuopptak. Både planen sjølv og detaljar i korleis han blir sett ut i livet vi du finna på delprosjektsida Hallingdal.memoar.no



Comments