Munnleg historie for alle‎ > ‎2019‎ > ‎

30/12- 2019: Halvårsrapport avlevert #sparebankstiftelsenDNB

lagt inn 3. feb. 2020, 09:40 av Bjørn Enes   [ oppdatert 20. mar. 2020, 09:37 ]
Halvårsrapport – prosjekt «Munnleg historie for alle»
1/8 2019 – 31/12 2019
Prosjektet starta opp i tråd med prosjektplan 1. august 2019. 
Styringskomiteen har hatt to møter i oppstarts-semesteret, i Nesbyen 27. august og på Raufoss 29. november. Prosjektstaben har bestått av fylgjande:
1. Line Førre Grønstad vart engasjert som prosjektleiar 1. august. Det har ikkje vore mogleg for henne å gå inn i full stilling enno, så ho har i praksis berre arbeidd 10-20% det fyrste halvåret.
2. Bjørn Enes har vore engasjert på timebasis som vikar for Line. 
3. Barbro Matre vart tilsett i full stilling 15. september. Ho fekk gå frå dåverande stilling før oppseiingstida var ute og tok til for fullt i Memoar frå 23. september. 
4. Inger Christine Årstad vart engasjert i 50% stilling i perioden 1/11 til 30/4 2020 for å vera med i oppstartfasen. Ho deler si arbeidstid mellom oss og Mjøsmuseet. 
5. Johan Knutsen vart engasjert i 20 prosent stilling frå 1/11. Han er masterstudent i kulturvitskap, vi har ein intensjon om å få bygga ut prosjektet med midler til også å engasjere han i større brøk når han har levert masteroppgåva si. 
6. Jonas Rudjord vart engasjert i ein trainee-avtale frå 1. desember. Han arbeider 80 prosent i tre månader, med mogleg forlenging til seks. Vi har ambisjonar om også å finna prosjektmidler til at han kan halda fram i vanleg engasjement seinare. 

Prosjektrekneskapet for fyrste halvår er til revisjon, og revidert prosjektrekneskap vil bli avlevert så snart det er ferdig. Før revisjon ser budsjett og rekneskap for fyrste prosjekthalvår slik ut:

2019

Budsjett  og rekneskap - Munnleg historie for alle

 Budsjett 

 Rekneskap: 

Kontonr

Navn

3440

Spesielt offentlig tilskudd for tjeneste

 kr        700 000,00

 kr         780 000,00

4500

Fremmedytelse og underentreprise

-kr           20 000,00

4550

Fremmedytelse og underentreprise, oppgavepliktig

-kr          11 395,00

-kr              2 000,00

5001

Lønn til ansatte

-kr       420 000,00

-kr        402 844,95

5092

Feriepenger

-kr          50 400,00

-kr           43 042,59

5401

Arbeidsgiveravgift

-kr          59 220,00

-kr           51 206,76

5405

Arbeidsgiveravgift av påløpte feriepenger

-kr             7 056,00

-kr              6 062,00

5901

Gaver til ansatte, fradragsberettiget

-kr             1 000,00

-kr                  420,00

5920

Yrkesskadeforsikring

-kr             3 000,00

-kr              4 038,10

5950

Obligatorisk tjenestepensjon (OTP)

-kr              4 500,00

6300

Leie lokale

-kr          18 000,00

-kr           17 000,00

6530

Spesialverktøy

 kr                               -  

-kr              5 362,70

6551

Datautstyr

 kr                               -  

-kr           16 416,50

6553

Programvare årlig vedlikehold

-kr             1 220,00

-kr              2 392,68

6800

Kontorrekvisita

 kr                               -  

-kr              2 652,40

6860

Møte, kurs, oppdatering o.l.

-kr          13 000,00

-kr              9 265,15

6901

Telefon

-kr             2 000,00

-kr              1 322,29

7130

Reisekostnad, oppgavepliktig

 kr                               -  

-kr              8 962,00

7140

Reisekostnad, ikke oppgavepliktig

-kr       112 720,00

-kr           80 473,37

7321

Reklameannonser

-kr                 613,00

-kr              1 821,25

7323

Reklameartikler

-kr                 376,00

-kr                  376,70

Status pr 1/1:

 kr                               -  

 kr         104 340,56


Underforbruk i fyrste halvår:

I forhold til budsjettet har me hatt eit underforbuk i forhold til budsjett på  kr. 24.340.  Forklaringa er at det tok noko lengre tid å få staben på plass. Dette har likevel i liten grad gått ut over aktivitetsnivået.  Samtidig har vi hatt ei meirinntekt på kr. 80.000,- . Det er støtte frå Bergen Kommune til den delen av prosjektet som handlar om strategi for å utvikle eit nasjnalt senter for munnleg historie.

Fylgjande delprosjekt er starta opp i fyrste prosjekthalvår:

·         Hallingdal: I samband med styringskomitemøtet i Nesbyen 27/8 vart det gjennomført ein idédugnad og eit planleggingsmøte om vidare utvikling av arbeidet i Hallingdal.  Arbeidet skal fylgjast opp vidare. Hovudansvarleg er Bjørn Enes. Det vart også laga ein videopresentasjon av prosjektet der.

·         Sunnhordland: I samarbeid med Sunnhordland Museum og Stord Historielag gjennomførte me kurs og ein intervjuserie på museet i dagane 29-31. august. Arbeidet skal fylgjast opp vidare. Hovudansvarleg er Barbro Matre.

·         Bergen / Fridalen: I samarbeid med Fridalen skule vart det gjennomført intervjuopptak der born intervjua eldre om korleis det var å gå på Fridalen skule i 1950- og 1960-åra. Stoffet vart brukt i samband med markeringa av skulen sitt 80-årsjubileum.

·         Hamar/Otterstad: I samarbeid med Utvandrermuseets Venneforening og veteranorganisasjonen Øyas Venner starta vi opp det fyrste delprosjektet i Innlandet 19-21. september. Det vart gjennomført ein dags kurs og to daga med opptak av munnleg historie om kvalfangsten i Sørishavet på 1950- og 1960-talet. Arbeidet skal fylgjast opp vidare. Hovudansvarleg er Inger Christine Årstad.

·         Bergen/Bydelshistorie: Ein serie bydelsintervju i Bergen starta med opptak av gruppeintervju  i Laksevåg 4/10, Nordnes 8/10 og Damsgårdssundet 5/11. Denne ideen er seinare utvikla til eit eige delprosjekt «Bydelen eforteller» der Memoar og åtte historielag og fellesorganisasjonen «Amatørkulturrådet» skal samarbeida om innsamling, dokumentasjon og formidling av munnleg lokalhstorie i samband med byjubileet 2020 (Bergen 950) 

·         Oslo: Arbeidet i Oslo starta opp med eit foredrag under Grefsen, Disen og Nydalen Historielags 40-årsjublieum 26/10. Bjørn Enes og Inger Christine Årstad tok del.

·         Elverum/Romani: I dagane 12. og 13. november gjennomførte Memoar eit dokumentasjonskurs og ei økt med praktisk dokumentasjonsarbeid i samarbeid med Anno Museum/Glomdalsmuseet og Taternes Landsforening. Barbro Matre, Johan Knutsen og Bjørn Enes deltok frå Memoar. Tanken er at dette skal fylgjast opp med eit tematisk prosjekt om romanifolkets munnlege historie. (Ein søknad til Kulturrådet om eit eige prosjekt på dette fekk ikkje tilslag).

·         Tematisk prosjekt – Industri: Me har utvikla ein tanke om eit landsomfattande industrihistorisk prosjekt som ei «knoppskyting» på Munnleg historie for alle.  Me vil uansett gjennomføra eit lite industriprosjekt med opptak på Raufoss og på Stord eller Odda. Inger Christine Årstd og Bjørn Enes tok del i Museumsforbundets seminar om industridokumentasjon på Teknisk Musue 25 og 26. november. Veka etter vart prosjektskildring av eit større prosjekt verdig. Det vart vart levert Kulturrådet som eigen søknad 3. desember. Ambisjonen er å starta opp når Bjørn og Inger Christine er ferdige i prosjekt Munnleg historie for alle.

·         Midt-Troms: I samarbeid med Midt Troms Museum og tre lokale historielag vart det gjennomført kurs og optaksarbeid i Bardufoss i dagane 2.-4. desember.

Utvikling av munnleg historie:

·         Etikk: Line Førre Grønstad og Bjørn Enes tok del i Museumsforbundet sitt dagsseminar om etikk på Sverresborg Museum 3. september. Arbeid med etikkspørsmål skal fylgjast opp på Memoarkonferansen 2020.

·         Infrastruktur: Utviklinga av innsamlings- og formidlingsverktøyet Minner.no er ein viktig del av prosjektet. Vi har tatt del i samarbeidsmøter møter for å drøfte utviklingsarbeidet 17.-18. september og 7- 8. november. Endeleg avtale mellom Folkeminnesamling/UiO, Memoar og KulturIT var ferdig signert i desember og arbeidet med å overføra munnleg historie til Minner.no startar opp i januar 2020.

·         Arkiv og museumssektoren:  Prosjekt Munnleg historie for alle og Minner.no vart presentert av Bjørn Enes på Opplandsakrivets fellessamling for musé og arkiv i Oppland. Det skjedde på Norsk Vegmuseum 21. november. Ambisjonen var at dette skulle førebu vidare utvikling av lokale delprosjekt i Innlandet. Fyrste direkte resultat av dette blir kurs og opptaksarbeid som er avtalt i Ringebu i februar 2020.

·         Biblioteksektoren: Barbro Matre og Bjørn Enes deltok på Universitetsbiblioteket sitt seminar om Spesialsamlingar i bibliotek i Bergen 11. og 12. desember. Me hadde ansvar for ein workshop om «Munnleg historie for alle» og erfaringar med Intervjustudio i Bergen off. Bibliotek. Workshopen hadde god oppslutning frå deltakarar frå heile landet.

·         Senter for munnleg historie: Arbeidet for å samle opplutning om visjonen om eit norsk selskap for munnleg historie og eit nasjonalt kompetansesenter har helde fram i det stille heile hausten. Det har vore ei rekke møter med enkeltpersonar i institusjonar og orgnisasjonar, og vårhalvåret vil det bli lagt vekt på  leite etter politiske alliansepartnarar.

·         Stab: Me har sett det som viktig å utvikla kompetanse og gode samarbeidsrelasjonar i heile staben, ikkje minst av di me er spreidde på to stader til dagleg (Bergen og Raufoss). Vi hadde fyrste stabsmøte med Line, Barbro, Inger Christine og Bjørn på Raufoss 22/9. Neste vart også gjennomført på Raufoss, i samband med Styringskomiteen sitt møte 20/11. Der tok også Johan del. Veka etterpå arbeidde Inger Christine fire dagar i Bergen.  






Comments