2020

29/6: 70 koronaintervju hittil

lagt inn 5. jul. 2020, 02:02 av Bjørn Enes

Ved utgangen av juni har Memoar samla 70 intervju om koronaens tid. Av desse er 46 publiserte på www.memoar.no/korona og på www.minner.no/tema/korona . Resten er enten klausulerte som berre tilgjengelege for forsking - eller under arbeid, fyrst og fremst ved at dei avventar publiseringssamtykke frå dei som har blitt intervjua. Dermed har Koronasamtalane i løpet av berre tre månader blitt den største samlinga av munnleg historie/samtidsdokumentasjon i Memoar.
Det er så langt ikkje gjort noko samanfatting eller oppsummering av kva som kjem fram i desse intervjua. Men diskusjonen er reist.  
I eit intervju med avisa Tagesspiegel (30. mai) kategorisrte den tyske samfunnspsykologen Stephan Grünewald åtte typiske reaksjonar på Koronakrisa. Han blei spurd av  om kva slags mønster han såg, og det er svært interessant å halda opp hans funn mot våre eigne.  23/6 publiserte vi eit samandrag av Grünewald sine observasjonar i Memoar.blog.  
Der lanserte vi idéen om eit nytt webinar med invitasjon til alle som samlar samtidsdokumentasjon om koronapandemien for å diskutere kva som er funn så langt, og korleis det vidare innsamlingsarbeidet bør gjerast. 

 

21/6: Munnleg historie er immateriell kultur

lagt inn 5. jul. 2020, 01:47 av Bjørn Enes

https://memoar.blog/2020/06/21/innspel-til-icoms-museumsetiske-regelverk/
21. juni leverte Memoar eit høyringssvar til utviklinga av den norske konkretiseringa av det museumsetiske regelverket til det internasjonale museumsrådet ICOM. Heile høyringssvaret er publisert i Memoar-bloggen

Kortversjonen av våre innspel er fyrst og fremst at munnleg historie bør nevnast i konkretiseringa av regelverket. I UNESCO-konvensjonen om immateriell kultur er "oral expressions and traditions" nevnt som fyrste punkt. Vi oppfattar det slik at det også omfattar oral history eller munnleg historie, og at arbeidet med innsamling, bevaring og formidling av munnleg kjeldemateriale treng eksplisitte etiske reglar. 

Vårt syn er vidare at desse reglane bør ta hensyn til at alle - også dei som hovudsakeleg eller berre uttrykker seg munnleg - må ha rett til å få sine versjonar av historia anerkjende som bevaringsverdige. Kjeldekritikk er jo like viktig i forhold til munnleg materiale som til skriftleg. Men det er også både ytringsfridom og opphavsrett. Det finst ein tradisjon innan forskinga, og dermed innan museumstradisjonen,  på å sjå munnlege uttrykk som sensitivt materiale - truleg av di det har vore sett som underklassane sine uttrykksformer. Dermed er det viktig å vera varsam og ta sårbarhet på alvor, medan ytringsfridom og retten til å bli hugsa for sine ytringar ikkje er viktig. 

Sjå heile høyringssvaret i Memoar.blog 

24/6: Programmet for Memoarkonferansen er klart

lagt inn 5. jul. 2020, 01:18 av Bjørn Enes

Neste Memoarkonferanse blir fredag 23. og laurdag 24. oktober 2020, også denne gong på Bergen offentlege Bibliotek. Stikkord for programmet blir: Personvern og ytringsfridom - krisedokumentasjon - minnespor. 
Heile programmet er presentert på konferansenettsida www.memoarkonferansen.no

 

23/6: Oslo neste "episenter" for munnleg historie i Noreg?

lagt inn 5. jul. 2020, 00:51 av Bjørn Enes   [ oppdatert 5. jul. 2020, 00:57 ]

Midtsommardagen 2020 - under eit pæretre på Lofthus i Oslo - blei grunntrekka lagt for ambisiøse planar om å starte opp arbeid med munnleg historie i Oslo. 
Bildet: Strategane under pæretreet var Audun Kjus (Folkemuseet/Norsk etnologisk gransking), Cathrine Hasselberg (Memoar), Stein Øberg (Fellesrådet for historielag i Oslo), Bjørn Enes (Memoar) og Evald Jon Strøm (Fellesrådet). (Tidlegare på dagen hadde også Line Esborg i Folkeminnesamlinga vore konsultert). 
Den korte konklusjonen av samtalane var at det er stor interesse - både frå prosjekt Munnleg historie for alle og frå Fellesrådet for historielag i Oslo - for eit samarbeid om å auke interesse, aktivitet og kompetanse på området munnleg historie i Oslo.  
Memoar og Fellesrådet arbeider vidare med forslag til samarbeid. Dette skal vere ferdig innan fyrste haustmøte i Fellesrådet. Det skal inkludera både eit forslag om ein eller fleire seriar med dybdeintervju og innsamling av "stubbar" i vandringar langs gamle ferdselsvegar eller rundt i dei ulike bydelane i Oslo. 
Mellom mange interessante tema som var oppe under idéstormen under pæretreet var bydelsidentitet og ikkje minst endringar av bydelsidentitet. For eksempel kan det vera svært interessant å samle stubbar under vandringar med forteljarar frå ulike generasjonar for å dokumentere korleis ulike grupper oppfattar dei same stadene. 
Eit eller fleire introduksjonskurs til munnleg historie av same type som Memoar har gjennomført med historielag og musé andre stader i landet vil også bli ein del av planane. 
Så snart det er meir å fortelja om utviklinga i Oslo, vil Memoar oprette prosjektsida www.memoar.no/Oslo 

16/6: Fyrste intervjuopptak i "Studio Møllaren"

lagt inn 5. jul. 2020, 00:24 av Bjørn Enes

Frivillighetssentralen på Møhlenpris og Memoar var ferdige med å installere Bergens andre offentlege intervjustudio på Vitalitetssenteret den 12. juni.
Bilde: Delar av dugnadsgjengen. Bjørn Enes, Tor Solsvik og Anne-Lene Rasmussen.
Det er vel å merke litt etterarbeid som må gjerast for å dempe etterklangen i romet. Det fungerar pussig nok slik at frekvensområdet som kvinnestemmer stort sett ligg innafor ikkje skapar etterklang, medan mannsstemmer gjer.  Det er lite aktuelt å ha eit studio berre for kvinner - så dette må vi finne ei løysing på!  Alle gode tips er velkomne! 
16. juni ble fyrste intervjuopptak gjennomført. Det var Bjørn Enes frå Memoar som intervjua ein ung mann som kunne fortelja spennande om å kome som ung innflyttar til Møhlenpris. (Intervjuet blir publisert når/viss forteljaren samtykker til publisering) 
Studio er nå klart til bruk. Foreningar eller enkeltpersonar som ynskjer å låne det kan ta kontakt med Møllaren frivilligsentral

Etter sommaren vil Memoar, Møllaren Frivilligsentral og Historietorget tilby kurs i bruk av Studio Møllaren.
  

9/6: Stille lansering av Stubb.no

lagt inn 4. jul. 2020, 23:56 av Bjørn Enes   [ oppdatert 5. jul. 2020, 00:01 ]

Stubbsamlinga frå Nøstet vart starten på det norske "minnekartet"  www.stubb.no som vart lansert relativt stille i direktesendinga 9. juni frå Memoar sitt eige studio i Bergen.  
Bildet: Geir Elling Eikenes (Amatørkulturrådet i Bergen) og Bjørn Enes (Memoar) under lanseringa av Stubb.no
Kartet i nåverande form er mellombels, bygd på Google Maps. Det fungerer greit for den som ynskjer å finne stubbar knytta til geografiske adresser. også når ein er ute og går.  Men på sikt ynskjer Memoar å utvikle ein app som kan aktivere forteljingane automatisk når brukaren er på staden. (Vi har tidlegare samarbeidd med Fotspor.mobi, men framtida til denne appen er uviss, så formidlingsformen er derfor tatt inn som ein del av målsetjinga i arbeidet med å utvikle ein eigen "forteljar-app").
Planen vidare er å invitere fleire historielag og andre lokale organisasjonar til samarbeid om nye "stubbvandringar" for å bygge opp eit stubbkart - etter kvart med innhald frå heile landet. 
Historielag og andre som er interesserte i å bli med på dette er velkomne til å ta kontakt med post@memoar.no

  

www.stubb.no




29/5: "Bydelene forteller" - eksperiment med vandreintervju

lagt inn 4. jul. 2020, 23:12 av Bjørn Enes   [ oppdatert 4. jul. 2020, 23:14 ]

Idéen om å knytte korte forteljingar til kart har vore del av utviklingsarbeidet i Memoar heilt sidan 2016, då vi  var på studiereise til Irland for mellom anna å studere Cork Memoary Map.  Arbeidet har blitt aktualisert av prosjektet "Bydelene forteller" i Bergen  Det er eit initiativ frå Amatørkulturrådet i samband med markeringa av byens 950-årsjubileum. 
Ein av dei lokale organisasjonane som har gått i spissen i dette er Historietorget. 29. mai samarbeidde dei og Memoar om ei vandring på Nøstet, der to veteranar frå bydelen fortalde om oppvekst, daglegliv og drama i bydelen. 
Bildet: Jan Claus Samuelsen fortel til Bjørn Enes, Memoar, og medforteljar Fritz Hauge. 
Dette var ei veldig annleis intervjuform enn den Memoar normalt arbeider med, her er poenget å samle korte, poengterte og "geografiske" forteljingar - eller stubbar som vi har bestemt oss for å kalle det. 
Den fyrste samlinga av stubbar frå Nøstet er publisert her: http://www.memoar.no/bergen/stubbar/noestet-1

Eksempel: 

Fritz Hauge:Sukkerhusbryggen


Fritz Hauge: Kapteinsuniformen


Frits Hauge:Bombinga


Frits Hauge: Mortefiskaren

 

Jan Claus Samuelsen: Smauet


Jan Claus Samuelsen: Bombenatta


Frits Hauge: Nøstegaten 33


Frits Hauge: Avisgutane

26/5: Fyrste direktesending

lagt inn 4. jul. 2020, 09:41 av Bjørn Enes

Då koronapandemien "digitaliserte" arbeidsformene til Memoar, viste det seg fyrst at vegen var kort frå intervjuopptak i bibliotek, musé eller heime hos, folk til videokonferanse-intervju. Derifrå var det heller ikkje langt til direktesendingar. Fyrste direktesending over internett var Memoar sitt eige årsmøte 26. mars. Det var svært vellukka, og inspirerte til litt meir intern eksperimentering - fram til Amatørkulturrådet i Bergen kom med sin idé om at historielag og andre som hadde blitt nøydde til å avlyse foredrag eller andre møter i serien "Bydelene forteller" kunne få hjelp til å gjennomføre direktesendingar. 

Bildet: Johan Knutsen frå Memoar sit med i-Pad og styrer kamerautstnitt 26/5

26. mai hadde Memoar ansvaret for å sende Amatørkulutrrådet sitt eige årsmøte ut på nett.  Den gjekk frå Bydelsnhuset på Nordnes og blei kringkasta på nett- og Facebooksidene til Amatørkulturrådet og Memoar.  
4. juni vart det gjennomført ei ny direktesending om prosjektet Bydelene forteller og innsamling av stubbar - korte stadsrelaterte forteljingar - frå Nøstet. 

9. mai gjekk sørebels siste sending "på lufta" - denne gong var temaet andre generasjons innvandrarar til Bergen. Foredragshaldar var professor Haci Akman, arrangør var Historietorget på Møhlenpris. 

Opptak av alle senidngane ligg på www.memoar.no/bergen

Arbeidet med direktesendingar kjem til å bli vidareført over sommaren. I første omgang i Bergen, men etter kvart som erfaringane gjer oss sikrare kjem vi også til å hjelpe fram direktesendingar om munnleg historie i andre delar av landet. Gjerne då i omlag denne formen: 

Direktesending frå "Studio Memoar" 4/6:



  

20/5: Industrihistorie i Kristiansand

lagt inn 4. jul. 2020, 02:11 av Bjørn Enes

Ei grein av Munnleg historie for alle er ei særskilt industrihistorisk innsamling. I vår gjekk Kulturrådet inn med delfinansiering av prosjektet "Folkeverkstad for industridokumentasjon". Det meste av desse midlene skal brukast på Raufoss. Men for å bygge opp ei "referanseinnsamling" til innsamlinga på Raufoss, skal industrihistorisk materiale som alt er samla inn i Kristiansand byggast ut. Dette arbeidet starta 19 og 20 mai, med tre intervju på SVhuset i Kristiansand. Alle forteljarane hadde tilknytting der - både den mangeårige klubbformannen på Kristiansand Mekaniske Verkstad, Magne Jaktevik, fagforeiningsveteranen Ivan Høgeli - og ingeniøren, forskaren og politikaren Alf Holmelid. Intevjuar var Bjørn Enes.  På bildet ser vi Enes, Jaktevik og Høgeli i arbeid.  

15/5: Koronateam på plass

lagt inn 4. jul. 2020, 01:58 av Bjørn Enes   [ oppdatert 4. jul. 2020, 02:02 ]

I løpet av ein månad etter at innsamlinga av munnlege koronasamtalar starta opp, har vi klart å bygge opp eit arbeidslag av intervjuarar. I løpet av same periode er det blitt klart at heile året 2020 blir eit "unntaksår" som kjem til å setje spor etter seg i historia. Samtidsdokumentasjon er blitt ei hovudsak i prosjekt Munnleg historie for alle. Og intervju utan å møtast fysisk er blitt hovudformatet.  Teamet slik det ser ut i slutten av mai 2020 består av: 
- Cathrine Hasselberg, frilansjournalist, Oslo, 
- Maylinn Byrknes, kulturstudent, Nordhordland/Oslo
- Johan Knutsen, kulturstudent/frilansar, Bergen 
- Sara Kohne, kulturforskar, Bergen 
og Bjørn Enes, frilansjournalist og leiar av Memoar, Bergen. 
Vi oppmodar til å ta kontakt med ein av dei direkte - alle har epostadresse fornamn@memoar.no - eller gjennom dette skjemaet: 

Påmelding til koronasamtale:

 

1-10 of 33