Tirsdag 12. mai var ein viktig dato i utviklinga av prosjekt Munnleg historie for alle: Då la seks initiativtakarar siste hand på ei visjonsformulering om eit norsk Senter for munnleg historie. Visjonsdokumentet strekar opp åtte behov som kan bli løyst gjennom oppretting av eit slikt senter. Heile teksten ligg på nettsida www.munnleghistorie.no (og www.muntlighistorie.no). Dei åtte overskriftene er: Innsamling, Kriseberedskap, Dokumentasjon av daglegliv, Mangfald og variasjon, Arkiv, Forsking, Grasrotforsking, Kompetanseutvikling, Rådgjeving og praktisk støtte og Formidling. Dei seks initiativtakarane var
Visjonsdokumentet knyter seg til innspelet til humaniorqameldinga i 2016, og har ambisjonar om å samle ei liknande liste støttespelarar. Hausten 2020 blir ei rekke personar kontakta med spærsmål om å støtte visjonen - og den 23. oktober blir alle underskrivarane invitert til eit møte som truleg skal ta stilling til eit forslag om å etablere Senter for munnleg historie som ein organisasjone eller ei stifting med eit styre som skal ta på seg å kjempe gjennom eit slikt senter. Sjå meir på www.munnleghistorie.no |
Munnleg historie for alle > 2020 >