Munnleg historie for alle‎ > ‎2020‎ > ‎

15/4: Oppstart munnlege koronaminne

lagt inn 16. apr. 2020, 23:41 av Bjørn Enes   [ oppdatert 16. apr. 2020, 23:44 ]
Onsdag 15/4:
 Fyrs
te dag med opptak av koronaminne.Korona Ein lang og innhaldsrik samtale om å drive aktivt historielagsarbeid når alle arrangement og alle arbeidsmøter brått blir avlyste - med bratte læringskurver og mengder av nye idear som resultat. Deretter ei engasjerande forteljing om å vera høggravid og gjennomføre fødsel og barsel. Om uvisse om smitte, om stengte barnehagar  og born som må vera heime - akkurat dei vekene der mor  nok kunne ha mest bruk for å kunne tenkje på seg sjølv.  Spørsmålet om far får sleppa inn i fødestova - og besteforeldre som må nøye seg med videobilder av det nye eventytret. Og til slutt  ein stemningsrapport frå ein bibliotekar som vart  kasta ut av biblioteket sitt. Om digitale kaffeslabberas og boblande kreativitet - men også om den  litle engstinga i bakhovudet: Kjem eg "heim att" til biblioteket mitt før pensjonsgongongen slår?  
Dette vart det eg vil kalla ein god dag.  Masse nye tekniske utfordringar før alt er på plass i Minner.no og Memoar.no - men ein god dag uansett! Og i morgon er det nye koronaminne. Meld deg på her! . -  

Comments