I løpet av ein månad etter at innsamlinga av munnlege koronasamtalar starta opp, har vi klart å bygge opp eit arbeidslag av intervjuarar. I løpet av same periode er det blitt klart at heile året 2020 blir eit "unntaksår" som kjem til å setje spor etter seg i historia. Samtidsdokumentasjon er blitt ei hovudsak i prosjekt Munnleg historie for alle. Og intervju utan å møtast fysisk er blitt hovudformatet. Teamet slik det ser ut i slutten av mai 2020 består av: - Cathrine Hasselberg, frilansjournalist, Oslo, - Maylinn Byrknes, kulturstudent, Nordhordland/Oslo - Johan Knutsen, kulturstudent/frilansar, Bergen - Sara Kohne, kulturforskar, Bergen og Bjørn Enes, frilansjournalist og leiar av Memoar, Bergen. Vi oppmodar til å ta kontakt med ein av dei direkte - alle har epostadresse fornamn@memoar.no - eller gjennom dette skjemaet: |
Munnleg historie for alle > 2020 >