Midtsommardagen 2020 - under eit pæretre på Lofthus i Oslo - blei grunntrekka lagt for ambisiøse planar om å starte opp arbeid med munnleg historie i Oslo. Bildet: Strategane under pæretreet var Audun Kjus (Folkemuseet/Norsk etnologisk gransking), Cathrine Hasselberg (Memoar), Stein Øberg (Fellesrådet for historielag i Oslo), Bjørn Enes (Memoar) og Evald Jon Strøm (Fellesrådet). (Tidlegare på dagen hadde også Line Esborg i Folkeminnesamlinga vore konsultert). Den korte konklusjonen av samtalane var at det er stor interesse - både frå prosjekt Munnleg historie for alle og frå Fellesrådet for historielag i Oslo - for eit samarbeid om å auke interesse, aktivitet og kompetanse på området munnleg historie i Oslo. Memoar og Fellesrådet arbeider vidare med forslag til samarbeid. Dette skal vere ferdig innan fyrste haustmøte i Fellesrådet. Det skal inkludera både eit forslag om ein eller fleire seriar med dybdeintervju og innsamling av "stubbar" i vandringar langs gamle ferdselsvegar eller rundt i dei ulike bydelane i Oslo. Mellom mange interessante tema som var oppe under idéstormen under pæretreet var bydelsidentitet og ikkje minst endringar av bydelsidentitet. For eksempel kan det vera svært interessant å samle stubbar under vandringar med forteljarar frå ulike generasjonar for å dokumentere korleis ulike grupper oppfattar dei same stadene. Eit eller fleire introduksjonskurs til munnleg historie av same type som Memoar har gjennomført med historielag og musé andre stader i landet vil også bli ein del av planane. Så snart det er meir å fortelja om utviklinga i Oslo, vil Memoar oprette prosjektsida www.memoar.no/Oslo |
Munnleg historie for alle > 2020 >