Idéen om å knytte korte forteljingar til kart har vore del av utviklingsarbeidet i Memoar heilt sidan 2016, då vi var på studiereise til Irland for mellom anna å studere Cork Memoary Map. Arbeidet har blitt aktualisert av prosjektet "Bydelene forteller" i Bergen Det er eit initiativ frå Amatørkulturrådet i samband med markeringa av byens 950-årsjubileum.
Ein av dei lokale organisasjonane som har gått i spissen i dette er Historietorget. 29. mai samarbeidde dei og Memoar om ei vandring på Nøstet, der to veteranar frå bydelen fortalde om oppvekst, daglegliv og drama i bydelen.
Bildet: Jan Claus Samuelsen fortel til Bjørn Enes, Memoar, og medforteljar Fritz Hauge.
Dette var ei veldig annleis intervjuform enn den Memoar normalt arbeider med, her er poenget å samle korte, poengterte og "geografiske" forteljingar - eller stubbar som vi har bestemt oss for å kalle det.
Den fyrste samlinga av stubbar frå Nøstet er publisert her: http://www.memoar.no/bergen/stubbar/noestet-1
Eksempel: