Møllaren Frivilligsentral på Møhlenpris blir vertskap for eit nytt offentleg intervjustudio i Bergen. Det skal plasserast på Vitalitetssenteret, og driftast i samarbeid mellom Frivilligsentralen, Historietorget (som er ein del av sportskluibben Djerv) og Memoar. Bergen kommune har støtta prosjektet med 20.000 kroner - Memoar går inn med ein tilsvarande verdi i form av profesjonell hjelp til innkjøp, rigging og opplæring. Sjølve opninga er usikker, i og med at Vitalitetssenteret er koronastengt. Den næraste tida vil derfor bli brukt til at komiteen bak - på bildet ser vi Margun Boge (til v) og Tore Nilsen frå Historietorget og Anne Lene Rasmussen frå Frivilligsentralen - skal trene på utstyret i mobil form. Det kan tenkast at eit av treningstiltaka vil bli forsøk med direkte streaming for bydelen - ein ide der dei har henta inspirasjon frå Nesbyen Nett No. |
Munnleg historie for alle > 2020 >