Munnleg historie for alle‎ > ‎2020‎ > ‎

8/5: Viktig debatt om samtidsdokumentasjon

lagt inn 4. jul. 2020, 00:27 av Bjørn Enes
Etter at Folkemuseet tok initiativ til dokumentasjon av koronaens tid, tok ei rekke musé og organisasjonar opp liknande arbeid.  Den 6 mai publiserte Museumsnytt motforestillingar om "Krisedokumentasjon, etikk og nødvendigheten av tid" frå Ageliki Lefkaditou, Thanushiga Rajah og Torhild Skåtun (Teknisk Museum) med viktige motforestillingar.  Dagen etter svarte Audun Kjus at "Rask reaksjon og etisk refleksjon er ikke noen motsetning" Den 8/s arrangerte Kulturrådet eit webinar om tematikken, som samla eit uventa stort tal av deltakarar. Og den 10. mai publiserte vi i Memoar både bloggen "Krise, etikk og ytringsfridom"  og innlegget "Samtidsdokumentasjon og etikk" i Museumsnytt.  
Vi vurderer denne debatten som viktig. Koronakrisa viser tydeleg kor hurtig samtida blir borte - og kor einsidig kjeldematerialet blir, dersom ettertida berre skal ha refleksjonane i media og i offentlege dokument å referere til.  
Comments