I løpet av koronapandemien, har Masterprogrammet i Oral History ved Colombia University styrka si rolle som eit internasjonalt kraftsenter for utviklinga av kompetanse og nettverk innan munnleg historie. Ein hovudårsak er at dei har opna forelesingar og arbeidsverkstader som normalt berre er for eigne studentar. Når dei uansett må gjera dei digitale, kan dei jo også opna dei for alle interesserte. Og det viste seg snart å vere svært mange - frå heile verda. Mellom anna gjennomførte dei ei erfaringsutveksling om fjern-intervju. Over heile verda har munnleg historie tatt videokonferansar i bruk smittesikker intervjumetode. Det reiser jo både praktiske og etiske problemstillingar. Det var tema for worksho'en 9. mai - som Memoar sitt "koronateam" tok del i. |
Munnleg historie for alle > 2020 >