Alvoret i Koronapandemien gjekk opp for både oss og samarbeidspartnarane i løpet av veke 11. Kurs og opptakstrening i Åseral vart avlyst, det same vart ei opptaksøkt og eit loggarkurs på Askrova utanfor Flora. Frå veka etterpå gjekk heile staben over til heimekontor for å slutta opp om tilrådingane frå helsevesenet. Det gjekk kraftig ut over framdrifta - sjølv om det også gav høve til å få unna ein del etterarbeid som hadde hopa seg opp. Vi starta også arbeidet med å tenkja ut nye måtar å arbeide på. Memoar sitt årsmøte 26/3 blei i så måte eit viktig eksperiment - les meir om testen på Om.memoar.no |
Munnleg historie for alle > 2020 >