Munnleg historie for alle‎ > ‎2020‎ > ‎

17/1-20-Bergen: Fyrste studio-kurs for "Bydelene forteller"

lagt inn 10. feb. 2020, 01:59 av Bjørn Enes   [ oppdatert 10. feb. 2020, 03:23 ]
I samband med 950-årsjubileet til Bergen by i år, arbeider Memoar for at innsamling av munnleg kulturarv skal bli prioritert av historielag og andre kulturforeningar. Det er både snakk om innsamling av intervjuseriar, dugnadar for å logga og arkivera/avlevera - og formidling gjennom levande og digitale kanalar. 

Eit stort poeng i dette arbeidet er å gjera fleire i stand til å bruka intervjustudio i Bergen offentlege bibliotek. Alle innbyggarar kan låne  studio gratis til intervjuopptak. Særleg aktuelt er det for historielag og andre som kan utvikle "spesialistar" på dei ulike delane av arbeidet med munnleg histrorie. 

17. januar gjekk det fyrste kortkurset om bruk av intervjustudio. Det var stort sett deltakarar frå Frivilligehetssentalen på Møhlenpris og aktivistar i Historietorget som deltok. 

Andre lag og foreingingar som ynksjer samarbeid om slike kurs kan kontakta post@memoar.no  for å gjera avtalar. Denne våren kostar det ingenting for hverken medarranbgr eller deltakarar - takka vere midler frå Sparebankstiftelsen DNB

Comments