Munnleg historie for alle‎ > ‎2020‎ > ‎

7/1-20: Kristiansand: Ungdomsskuleklasse lagar museumsinstallasjon

lagt inn 10. feb. 2020, 01:55 av Bjørn Enes   [ oppdatert 10. feb. 2020, 03:11 ]
Mandag 7. januar samarbeidde Memoar, Vest-Agdermuseet og Møvik Ungdomsskule om eit kurs i innsamling av munnleg kjheldemateriale til bruk i ein installasjon som skal lagast på Kanonmuseet i Kristiansand.  Klasse 9B  på Møvik Ungdomsskule skal laga korte intervju med vaksne - gjerne besteforeldregenerasjonen - som har minne om festninga på Møvik spesielt og gjerne om krig/fred-opplevingar generelt. 

Kystfortets munnlege historie

Tema for kurset var verdien av munnleg historie, litt opptaksteknikk og ein god del intervjuteknikk – pluss litt om etterarbeidet på tampen av ein lang og ganske slitsom dag.

Bakgrunnen var at klassen er involvert i eit prosjekt saman med VestAgdermuseet: Dei skal samla råstoffet til ein serie munnlege utstillingselement som skal visast på Kanonmuseet på Møvik, det gamle kystfortet som vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta, overtatt av det norske kystartilleriet – og så lagt ned sist på 1960-talet, då slike svære kystbatteri hadde mista si militær betydning

Niandeklassen skal intervjua folk i nærområdet for å få fram historier som kan brukast til korte lydinstallasjonar. Ideen er at dei skal fanga interesse til folk som går forbi, slik at dei stansar lengenok til å lytta seg gjennom ei lita historie.

Russerfangen Ivan

Det var Bjørn Enes frå Memoar som sto for kursinga. Han brukte den fyrste timen til å dela forteljingar om folk han hadde møtt (og intervjua) som hadde ein eller annan link til kystfortet på Møvik. Det var særleg russarfangen Ivan Korodsja, som var slavearbeidar under bygginga av fortet. Bjørn hadde møtt han i Kristiansand to gonger, men då han (og fotograf/filmprodusent Frode Vestad) reiste til Novorissisk ved Svartehavet for å intervjue han for tredje gong, var han gått bort.

Ivan hadde blitt tatt til fange den aller fyrste dagen av krigen mellom Tyskland og Sovjetunionen. Han vart fyrst sendt til ein dødsleir i Polen. Seinare bestemte nazistane seg for at det var meir lønsamt å bruka fangane som slavearbeidarar. Ivan blei frakta til Kristiansandhistoria om for å bygge ein av dei to store kanonbatteria (Møvik og Hanstholm) som tyskarane reiste for å sprre av Skagerrak.

Han fortalte også om Gunnar Solås, som hadde vore med på ein av Kvarstadbåtane som klarte å kome seg gjennom sperringa og gå til England. Han hadde stått i maskinromet og hindra sikkerhetsventilenpå dampkjelen å opna. Dei visste at kjelen kunne eksplodera når som helst – men dei ville heller døy slik enn å bli tatt til fange og bli pint i hel i tyske fangeleirar.

Primærkjelder – og sekundærkjelder

«Slike folk  som Ivan og Gunnar var primærkjelder eller fyrstehandskjelder til krigshistoria. Når eg står her og fortel kva dei fortalde til meg, då blir eg ei sekundærkjelde, ei andrehands kjelde,» sa Bjørn.

«I denne samanhengen kan du godt seie at det berre finst to slags menneske i verda: Primærkjelder og sekundærkjelder. Dei som har opplevd ei hending, kjent henne på kroppen – og dei som har høyrt om eller lese om henne.»

«Men på same tid er me alle primærkjelder til vår eiga tid. Når de skal ut for å intervjua folk, vil de få både forteljingar om ting dei sjølve har opplevd, og kunnskap dei harfrå andre eller fr bøker eller filmar. Prøv å få dei til å fortelja mest mogleg primærkjeldestoff og kva dei sjølve har sett og tenkt og lært -!    Det dei har å fortelja, har ein mykje større verdi enn det eg kan forteljaira historier har ne  bestemte seg for å sperre Skagerrak med to svære kanonbatteri – i Hanstholm og pIvan vart sendt til Møvik  fangane heller skulle få leva – i alle fall til dei var utslitne av slavearbeidet. fangeden fyrste dagen av krigen mellom Tyskland og Sovjetunionen, som overlevde

 Entusiastiske elevar

Bjørn seier: "Eg reiser alltid frå slike kurs med ein tvil på om bodskapen nådde fram. Men her fekk eg etter nokre dagar dette brevet frå læraren til 9B: 

Nå er vi godt i gang med intervjuene. Jeg synes det er så gøy, dette! Tårene trillet på meg i går kveld når jeg hørte tante Else fortelle sine historier. Det er så mange rørende og triste historier som kommer fram. Elevene er flinke, og foreldrene er også veldig involverte og engasjerte. Venter fem nye intervjuer i løpet av kvelden

Så vi har mot på fleire ungdomsskuleklassar! 
Comments