Munnleg historie for alle‎ > ‎2020‎ > ‎

22/1-20 Bergen: Maskinistforeningen mobiliserar

lagt inn 10. feb. 2020, 02:10 av Bjørn Enes   [ oppdatert 10. feb. 2020, 03:32 ]
Bergens maskinistforening er ein erværdig klubb for maskinistar. Opphavleg var det ein del av fagrørsla, men i dag er den lokale foreinga ein rein kulturforening. Men ikkje mindre aktiv av den grunn. 
22. januar var Bjørn Enes frå Memoar invitert for å fortelja om "Munnleg historie for alle" og oppmoda medlemmer av foreninga til å dela forteljingar om sitt sjømannsliv. Intervju vil gå inn i serien www.memoar.no/sjoefart som alt har halde på i fem år. 
Ingvald Bø, som alt har gjort ein stor innsats for åsikra skriftleg dokumentasjon av vestlands maskinist-hjistorie, tente også på å samla munnleg historie, og var blant dei fyrste som meldte seg til å bli intervjua. 
I alt blei det gjort fire intervjuavtalar under medlemsmøtet. Nytt treff blir seinare på våren, der resultat frå fyrste økt skal presenterast, samtidig som nye får sjanse til å skriva seg på. 
Kontaktperson i Memoar: Bjørn Enes - bjorn@memoar.no
 
Comments