Munnleg historie for alle‎ > ‎2020‎ > ‎

26/3: Marie Nicolaisen inn i Memoar-styret

lagt inn 31. mar. 2020, 22:37 av Bjørn Enes   [ oppdatert 31. mar. 2020, 22:46 ]
26. mars gjennomførte Memoar sitt årsmøte - utan at eit einaste virus bytta vert. Alle som ynskte det kunne delta via Google Hangouts, i tillegg kunne medlemmene - og observatørar - fylgje  årsmøtet på direkte webcast på nettsida eller på Facebook. 
Styret vart stort sett  gjenvalt - men ein ny person kom inn som fyrste del av eit generasjonsskifte som mange reknar med vil skje neste år. Marie Nicolaisen er kulturhistorikar, avdelingsleiar ved Sunnfjord Museum og ein veteran innan både frivillig og profesjonelt kulturvern - deriblant i Memoar.  Det er ei betydeleg styrking av Memoar at ho kjem inn i styret, og det vil ikkje minst styrke prosjekt Munnleg historie for alle. 
Styret består etter dette av: Bjørn Enes, Jostein Saakvitne, Ada Freng, Birger Haugdal og Marie Nicolaisen. 
Comments