Munnleg historie for alle‎ > ‎2020‎ > ‎

31/1-Steinkjer: Planla felleskurs om forteljarkunst og munnleg historie

lagt inn 10. feb. 2020, 04:00 av Bjørn Enes   [ oppdatert 10. feb. 2020, 04:26 ]
Eit entusiastisk planleggingsmøte i Steinkjer, i regi av Hilmarfestivalen. Det kom i stand etter initiativ frå Beate Heide i fortellerforumet. Ho hadde lansert det for  John Einar Bjerkem i festivalen - som tok kontakt med Memoar - som i sin tur "tenkte på alle pluggane". 

Ideen er å starta med eit tradisjonelt Memoar-kursopplegg med ein dag praktisk arbeid med intervjuopptak og dag 2 med kurs om munnleg historie med fokus på innsamling og dokumentasjon. 

Dag tre blir så ny for Memnoar: Der er ideen å bruka råstoff frå  dag 1 og kunnskap frå dag 2 til å jobba med formidling i form av forteljarkunst. Ansvarleg for dag 3 blir Midtnorsk Fortellerforum. 

I tillegg til dei tre som alt er nevnt, var ei rekke andre interessentar mobilisert i dei dagane det tok frå idéen oppsto til planleggingsmøtet gjekk av stapelen. Det var Bodil Østerås frå Egge Museum, Anne Mette Hegdahl frå Hegdahlgården, Kjell Haugan frå  Fossdalsgruvas venner og Malm Gruveteater,  Susanne Lyngmann frå Saemien Sijte (Sørsamisk Senter i Snåsa) - pluss Anne Haga frå Visit Innherred og  samfunnsplanleggar Grete Waaseth frå Steinkjer kommune. 

Det er litt for tidleg å spå om kva som kjem ut av dette entusiastiske møtet - bortsett frå at det i skrivande stund ser ut til at tred-dagarskurset blir i august, og at neste milepel i samarbeidet vil bli framføring av både munnleg historie og forteljarkunst under neste Hilmarfestival i Steinkjer i november 2020. Utvikolinga vil etter kvart kunne fylgjast på www.memoar.no/trondelag 
Comments