23/9-2019: Arbeidsmøte i prosjektstaben

lagt inn 8. des. 2019, 02:08 av Bjørn Enes
 
No er kjerna av dei som skal arbeida med "Munnleg historie for alle" i full sving. Prosjektleiar Line Grønstad (til h) må gjera ferdig doktorgraden sin før ho kan bli med på full tid, men fram til då held ho kontrollen med hjelp av "vikarane" Bjørn Enes og Inger Christine Årstad (1 og 2 frå v.).  Barbro Matre er på full tid i prosjektet frå 18. september. Planleggings-møtet var på Raufoss, der ei større innsamling av munnleg industrihistorisk  kjeldemateriale var ein av dei store sakene på sakslista. I løpet av dei næraste åra skal heile 33 nye delprosjekt startast opp. Det tek til å haste for historielag, mnusé eller andre som vil vera blant dei!Sjår meir under "Arbeidslaget"



Comments