8/11-2019: Arbeidsmøte om "Minner"

lagt inn 8. des. 2019, 03:02 av Bjørn Enes
Norsk Folkemuseum og Norsk etnologisk gransking  har leiinga av eit prosjekt som tar sikte på å utvikle www.minner.no til eit praktisk  og effektivt verktøy for minnesamling for museumssektoren og frivillig sektor.  Prosjekt Munnleg hjistorie for alle (MHA) er ikkje direkte knytta til dette utviklingsprosjektet, men Memoar er, og sidan alt som vert samla inn i MHA skal avleverast til Norsk Folkeminnesamling gjennom Minner.no, vart både Bjørn Enes og Barbro Matre frå prosjektstaben med på arbeidsseminar på Eidsvoll om den vidare utviklinga av Minner.no. Me kjem tilbake til dette arbeidet etter kvart som det går framover.  
Comments